I bly

Blysetjemaskina var eit stort framsteg i den grafiske bransjen...

Utviklinga i trykkeri- og avisbransjen har vore eventyrleg, noko vi stadig vekk blir minna om gjennom gamle bilete frå eit rikhaldig arkiv. Her er eit eksempel på det:

Ein og ein bokstav vart sett saman til ord. (Foto: Kristen Børje Hus)

Då Kvinnheringen såg dagens lys i 1973 vart avisa dei første åra produsert i bly, det vil seia at ein måtte plukka opp ein og ein bokstav frå ein liten kasse når til dømes overskriftene skulle setjast opp. Sjølve teksten, eller spaltene, vart sett saman av blyliner frå meir moderne hjelpemiddel, noko biletet ovanfor viser. Det er ei blysetjemaskin, som Aksidenstrykkeriet tok i bruk på slutten av 1960-talet då dei dreiv i Husnes Butikksenter.

Det var tider, det...