Nostalgi

«Nu er det bare minner...». Den gamle køyrebrua har gjort si teneste i farne år, og no får graset og blomane veksa fritt. Vi blir litt nostalgiske når vi ser slikt!

Vår og sommar i sikte

I helga snudde vi klokka mot sommartid, noko som inspirerte Malin Christine Olofsson-Karlsen til å ta bilete i Porsvika på Valen, både av solnedgangen søndag kveld og etter at det blei mørkt. Natt til måndag var det svært klar stjernehimmel og mystiske skyer på himmelen, rapporterer fotografen.

Nordlys

Flott lysspel over Sæbøvik. (Foto: Kristen Børje Hus)

Mykje å sjå i naturen

Bruk augene når du er ute og går tur! Då finn du mange motiv å festa til minnebrikka. Dette velta treet ligg ved turstien langs Opsangervatnet på Husnes.

Januar-sol

Vi startar det nye året med tur i vakkert vêr og vakker natur på Halsnøy. Dei lange skuggane minner oss på at vi er tidleg i januar og at vi må venta ei god stund enno før vi får kjenna sola varma.

Stemning ved Svartatjødno

På den aller første dagen i 2016 var Malin Christine Olafsson-Karlsen på tur i fjellet ovanfor Valen. Dette flotte motivet knipsa ho ved Svartatjødno i 15-tida.

Deltok i «Divers night»

Halvard W. S. Ollikainen (frå venstre), Kristian Karlsen, Sigmund Nordfonn og Robert Tungesvik deltok i Divers night laurdag kveld. (Foto: Per Arne Leirvik)

Laurdag kveld presis klokka 20.15 hoppa fire dykkarar frå Kvinnherad Undervannsklubb i sjøen frå Bogsneskaien på Husnes, som deltakarar i det internasjonale «Divers night». Dykket er eit arrangement som føregår på nøyaktig same tid verda over.

Målet med «Divers night» er å få flest mogleg dykkarar over heile verda i vatnet på same tid.

Ridetur

 Ridetur langs stranda i Nerja, medan sola sender dei siste livgjevande strålene sine utover Middelhavet.

Ridetur langs stranda i Nerja, medan sola sender dei siste livgjevande strålene sine utover Middelhavet.

På heimebøen

Dei slapp unna fårikålgrytene i denne omgang desse sauene, som her beitar på heimebøen i Bognes på Husnes.

Stemning

 Dette stemningsfulle biletet er det Lars Martin Teigen som har teke i nærleiken av Møsevatn. Du kan lesa om turen hans  her  

Dette stemningsfulle biletet er det Lars Martin Teigen som har teke i nærleiken av Møsevatn. Du kan lesa om turen hans her 

Godt liv i fin natur

Godt liv, 687 m o.h. (Foto: Mari Teigen Varanes)

– Når oktober gir dagar der sola steikjer, alt kan flyttast ut av teltet, og ein har tid til å berre liggja og nyta det, ja, då er livet godt, seier Mari Teigen Varanes. Ho fekk ein fantastisk start på haustferien med telttur i Lyngstrandfjella. Endåtil hunden ser ut til å ha funne roen. Biletet er teke ved Krokavatnet, 687 m o.h.

S. for Sigve

 På fredag var Sigve Solheim ein snartur ute i vinden og såg til ørnene sine. Det blei det eit flott bilde av. Han måtte venta ei stund før dei kom, men omsider kom alle tre på same tid. Dei vaksne og ungen. Det såg ut som dei var på leit etter mat, så han gav dei ei passeleg lang lange til middag. Hoa kom og henta med ein gong, og takka for maten med å skriva ein stor S på himmelen. – Det er kjekt med desse ørnene, seier Solheim.

På fredag var Sigve Solheim ein snartur ute i vinden og såg til ørnene sine. Det blei det eit flott bilde av. Han måtte venta ei stund før dei kom, men omsider kom alle tre på same tid. Dei vaksne og ungen. Det såg ut som dei var på leit etter mat, så han gav dei ei passeleg lang lange til middag. Hoa kom og henta med ein gong, og takka for maten med å skriva ein stor S på himmelen.
– Det er kjekt med desse ørnene, seier Solheim.

«Gjer døri høg, gjer porten vid»

Rundt om i heile Kvinnherad finn vi mange fine turstiar, som er merka og rydda for ålmenta etter ein fenomenal dugnadsinnsats frå mange frivillige gjennom mange år. Det er ikkje betalt med pengar, for å bruka eit gammalt uttrykk. Men av og til kjem vi likevel over situasjonar som denne i Bogsnesåsen på Husnes. Den store furua har truleg lege på denne måten sidan vinterstormane herja på våre kantar.
Kven vil ta affære og gjera som skrive står i den gamle salmen «Gjer døri høg, gjer porten vid»? Her ligg mykje god ved og ventar på den som vil ta eit tak. Men spør grunneigaren først!

Is på vatna i fjellet

Frå Botnavatnet. (Foto: Eva Sundal)

Laurdag 4. juli vart den «nye» turistvegen frå Mauranger til Odda offisielt opna. Den over 120 år gamle ridevegen over Folgefonna er blitt historisk vandrerute – som ein av sju i Noreg. Vegen var bygd på slutten av 1800-talet av lokale bønder, og skulle vera turistrute frå Sundal med sledefart over Folgefonna.

I dag, fredag 10. juli, har Eva Sundal gått delar av vegen. Desse to bileta er frå turen hennar. Det eine viser Botnavatnet, som ein passerer på vegen over fonna. På grunn av den seine sommaren i fjellet, ligg det enno is på vatnet. Der er òg uvanleg mykje snøfonner, rapporterer Sundal til Skimtvis.net.

Frå Gardshammar. (Foto: Eva Sundal)

Snart båtliv – heime!

 Denne båten i Nerja og blomane rundt han, får oss til å tenkja på at det snart er tid for båt og sjøliv heime. Det gler vi oss til etter snart to månader i Spania! Men "La Dora I" blir nok ståande på land for godt, ser det ut til.

Populært namn

 Dette var nytt for oss, at det var her i Almunecar i Spania han busette seg, Jesus frå Nazaret!

Dette var nytt for oss, at det var her i Almunecar i Spania han busette seg, Jesus frå Nazaret!

Lang, lang rekkje...

 Desse små krypdyra, ja, for her er det ikkje berre snakk om eitt dyr, men kanskje oppi hundre, kraup over vegen på turen vår frå Nerja til Frigiliana. Korleis dei greidde å halda tak i kvarandre medan dei åla seg sakte framover, er for oss ei gåte. Men slik er det ofte når vi ferdast ute i naturen, vi skjønar ikkje alt som føregår...

Hestekrefter

 To hestar og ein bil! Skal tru kor mange hestekrefter dei utgjer til saman? Elles er dette ein praktisk måte å få dei firbeinte tilbake på beitet sitt når dei har teke seg ein tur åleine på stranda i Nerja.