Omslaget på boka

Skimtvis forlag

Skimtvis gjev ut si første bok hausten 2018:

Den sindige villmannen
Om livet til Tjerand Aske frå Fjelberg

Boka er til sals her:

• Rosendal bokhandel

• Kvinnherad Libris, Husnes

• Fjelberg Landhandel

• Spar Uskedalen

• Spar Sæbøvik

• Norli Odda

• Åkrafjordtunet

Bur du ikkje i Kvinnherad, eller av andre grunnar ynskjer å tinga boka på nett, kan du senda oss ein e-post eller nytta skjemaet under. Boka kostar då kr 299 kroner pluss porto (kr 74 for ei bok). Du får faktura ilag med sendinga.

Midt på vinteren i 1931 sykla Tjerand Aske (1906–1976) over Folgefonna, ei historie mange av oss har høyrt opp gjennom tidene. Men forteljinga om eventyraren og hardhausen frå Borgundøy i Kvinnherad har endå fleire sider – både på godt og vondt.

Historia om Tjerand Aske er også forteljinga om ein kunnskapsrik og uvanleg småbrukar som filosoferte mykje over meininga med livet, men som til slutt ikkje klarte å halda styr på seg sjølv og det vesle gardsbruket sitt. Nokre dagar etter han fylte 70 år, døydde han brått på gata i Oslo.

Denne boka er i stor grad bygd på samtalar med folk som hugsar eventyraren frå Borgundøy, forutan at forfattaren har funne opplysningar om han i offentlege skriv og dokument. Historia om Tjerand Aske er både vemodig og gripande.

Dette er Kristian Hus si tredje bok. Frå før har den tidlegare avismannen på Husnes gitt ut bøker om eldreomsorga i Kvinnherad. No følgjer han opp med ei ny bok til ettertanke og refleksjon.

Ting boka på nett

 Du får ein god pris på denne boka no.

Du får ein god pris på denne boka no.

Dersom du vil tinga boka direkte frå utgjevar kan du nytta skjemaet her. Boka kostar kr 299 kroner pluss porto. Du får faktura ilag med sendinga.

Skulle du også vera interessert i boka «Frå heim til heim», om eldreomsorga i Kvinnherad, kan du tinga begge bøkene på ein gong. Då får du den andre boka til same prisen; kr 299 (vanleg pris 369).

Skriv i kommentarfeltet om du vil ha begge bøkene.

Restar frå garden Aske
Notis frå avisa Sunnhordland

Tjerand Aske på Folgefonna

Ei djerv ferd

Tjerand Aske frå Fjelberg i Sunnhordland har vore i arbeid på Kvitno i vinter. Fyrre sundag gjekk han yver Folgefonni til Mauranger, mott åleine. Komen midt på Fonni fekk han skodda på seg, men heldt likevel fram og kom ned til Nordrepollen yver midnatt. Etter å fenge seg mat der, tok han på veg same natta til Austrepollen, for å få tak i telefon. Å gå frå Nordrepollen til Austrepollen i stummande mørke, er endå verre enn å gå yver Rebjørg her i Sørfjorden. I det minsto hermer dei etter han, at dette var det verste på heile turen.

Det er ikkje so mange som har fare over Folgefonni dette årsbel, so me meinar det var godt gjort. Endå fins det ein og annan med gamalt Nordmannsblod.

– lokalavisa Hardingen


Om forfattaren

Kristian Hus med bok

Kristian Hus (78) er fødd og oppvaksen i Rosendal, der han i ung alder fekk interesse for ord og bokstavar i bladet Grenda sitt prenteverk. Etter å ha gått i typograflære i Haugesunds Avis, var han i 1965 med og etablerte Aksidenstrykkeriet på Husnes, då industrireisinga var i full gang.

I alle år seinare har han vore mediamann, med journalistisk erfaring frå Kvinnheringen, Svalbardposten, NRK Hordaland og digitale medier, som Innsida og HusnesNett. I dag driv Hus nettstaden Skimtvis.net, der han mellom anna lagar lydintervju med eldre kvinnheringar som fortel om sine levde liv.

Den sindige villmannen er den tredje boka han har skrive. Den første var Godt vaksen i 2015, medan Frå heim til heim kom ut året etter. Begge desse bøkene handla om eldre og deira livssituasjon.

Hus har hatt mange tillitsverv innan organisasjons- og næringsliv, og har også fleire periodar i kommunestyret bak seg. Han har òg vore leiar i Kvinnherad eldreråd og fekk gjennom dette arbeidet ideen til dei to føregåande bøkene.