Sprek 94-åring på Kaldestad

Godt humør og ein sunn levemåte er bra for folk i alle aldrar, seier Bjarne og Edith. Dei er glade for å vera to ilag når dei er så gamle.

– Vi har hatt eit godt liv, og er glade for at vi får vera to ilag i siste del av livet vårt, seier Bjarne Kaldestad (94) ettertenksamt. Kva som kjem etterpå, når det ein gong er slutt her på jorda, går han ikkje rundt og tenkjer på til dagleg.

Men han filosoferer likevel av og til over liv og død og kva som er meininga med livet. Han er sikker på at når den siste stunda kjem, er det slutt for godt. Det er ikkje noko liv etter dette, meiner han.

Høyr intervjuet med Bjarne her:

Bjarne lærte seg snikkaryrket på den gamle yrkesskulen på Sunde, og har seinare laga mange slike vogger.

Bjarne er fødd og oppvaksen på Kaldestad, og her håpar han å få bu til sin døyande dag. Eit liv på ein institusjon ser han ikkje for seg. Kona er nokre månader eldre; ho blir 95 år til hausten og virkar minst like sprek som den litt yngre ektemannen. No har dei to levd ilag i snart 70 år, i huset som Bjarne fekk bygd før han gifte seg med Edith frå Røssland. Slik kunne det vera på den tida; hus og heim og ingen barn før ein flytte i hop. I dag gler dei to seg over at livet har gitt dei tre barn, sju barnebarn og fem oldebarn.

Hardt arbeid

Bjarne og Edith er glade for at dei er to ilag når dei har nådd ein så høg alder.

I dag ser Bjarne tilbake på eit rikt, og til tider hardt arbeidsliv. Han kan ikkje hugsa å ha gått arbeidsledig nokon gong. Tungt arbeid og ein sunn levemåte er oppskrifta på å bli gammal og samtidig vera i så god fysisk form, seier 94-åringen. Dessutan har han sykla masse, for førarkort for bil fekk han aldri.

– Nei, eg tok nokre køyretimar i ungdommen, men det gjekk ikkje så bra då eg skulle køyra opp på Stord, så det blei med det eine forsøket, fortel Bjarne. Så då blei det mykje sykling i staden, forutan at han har gått mykje gjennom livet sitt. Det har han igjen for no, i tillegg til å ha spart masse pengar på bilhald i alle år.

Platearbeidar og sveisar på Gravdal skipsbyggeri, verkstadarbeidar hjå G. Røsseland AS og mekanisk arbeid på SØRAL er noko av det Bjarne Kaldestad har drive på med i sitt lange liv. I ungdommen gjekk han på Husnes yrkesskule i to år og lærte seg snikkaryrket. Bjarne fekk dessutan oppleva siste verdskrigen, og var augevitne til det som skjedde like ute i fjorden i aprildagane i 1940.

Eit gode for heile kommunen

Industrireisinga på 1960-talet hugsar han godt, det snudde opp ned på Husnes. Ja, det er som natt og dag alt som har skjedd, seier han. Utan aluminiumverket på Husnes veit eg ikkje korleis det hadde sett ut her, seier Bjarne. Storindustrien har vore eit gode for heile kommunen, meiner han.

Arbeidsplassane og gode inntekter har gjeve grunnlaget for all vokster, seier Bjarne. Han stikk ikkje under ein stol at han har røysta med Arbeidarpartiet i mange år, men i vaksen alder har han skifta side. Dei som styrer no har gjort mykje godt for landet, spesielt i samferdlesektoren, seier Bjarne. Han har ikkje så mykje til overs for den evigvarande debatten om nye ferjestø til mange millionar på Stord og Halsnøy.

– Nei, bruk Sunde – Jektevik inntil vi får på plass ny E39 over Stord/Tysnes, er oppmodinga frå Bjarne Kaldestad. Sørleg kryssing av Langenuen må òg koma, meiner han.

I dag tar Bjarne og Edith dagane som dei kjem, utan dei store bekymringane. Han er forresten ikkje berre oppteken av å gjera det beste ut av kvar dag; det er minuttane som tel i vår alder, avsluttar han.

Før vi har fått pakka ned opptakaren og fotoapparatet og sagt takk for oss, er 94-åringen i full gang med dagens trim på sykkel og vektløfting. Slik held Bjarne seg i god fysisk form.

kh

Les om andre eldre i boka «Frå heim til heim».

Trim er viktig, spesielt for eldre menneske, seier den gamle industriarbeidaren. Kvar dag løfter han vekter og trør på sykkelen.