Mange års historie om Herøysund i ny bok

Bok, framsida.jpg

Dette er den tredje boka i ein serie om lokalhistorie frå Kvinnherad. Forfattar og utgjevar Tor Bringedal har avgrensa lokalhistoria til berre å omfatta bygda som dei fleste i dag kallar Herøysund.

Som tittelen på boka fortel, er dette ei bygdehistorie. Det er ikkje ei slektshistorie, og heller ikkje ei gardshistorie, der kvart individ på garden er teke med. Bygda har vore gjennom ein kraftig vekst i folketalet dei siste 60 åra, og svært mange av bygdefolket er utan lange røter i bygda. Med denne boka får lesarane sjansen til å læra bygdehistoria betre å kjenna, seier Tor Bringedal.

Det har alltid vore hevda at Herøysund var mellom bygdene i Kvinnherad som hadde størst utvandring. Den periodevis sterke utvandringa endra i svært stor grad eigarstrukturen i bygda med ei innflytting, særleg på slutten av 1800-talet, som best kan samanliknast med tida etter industriutbygginga på 1960-talet.

Krigshendingane i aprildagane i 1940 er sjølvsagt omhandla i boka. Herøysund fekk krigen tettare innpå livet enn dei fleste andre bygder i kommunen. Skulen har vore sentral i bygda like frå det første faste skulehuset i 1860-åra. Kampen for å få ha skule i bygda har vore ført frå 1950-åra til i dag, og han er enno ikkje avslutta. Skuleutviklinga har fått eit eige kapittel i boka.

Frå Raudstein i 1954. (Bilete frå kommunen sitt arkiv)

Lagshistorie

Bygda har hatt eit blømande lagsliv, som har vore viktig for utviklinga. Det har vore gjort eit omfattande arbeid for å skaffa fram mest mogeleg dokumentasjon om over 20 frivillige lag som eksisterer, eller har eksistert i bygda. Desse lagshistoriene har fått eit eige kapittel.

Det vart gjennomført stadnamn-innsamlingar tre gonger på 1900-talet. Materialet er tilsynelatande dødt og vanskeleg tilgjengeleg i dag. Dessutan har det vore store endringar etter den siste innsamlinga i 1970-åra. Det nye stadnamn-registeret er difor ein viktig del av boka. Mange timars intervju med ei rekkje bygdefolk i 80- og 90-årsalderen har vore svært gode kjelder til perioden frå rundt 1930. Nokre av dei flytta frå bygda i ungdomsalderen, men felles for alle er imponerande hukommelse og forteljarglede.

Det er også all grunn til å peika på materialet etter Gunnar Skogtun som viktige kjelder for arbeidet, seier Tor Bringedal i samband med bokutgjevinga. I tillegg har svært mange bygdefolk og andre vore til hjelp under arbeidet. Utgjevaren nemner spesielt Hermund Fenne og Lars Henrik Skogtun.

I innsamlingsarbeidet har Bringedal fotografert fleire tusen dokument som utgjer ein viktig database. Denne dokumentasjonen bør kunna vera utgangspunkt for eit seinare arbeid med å tilretteleggja eit lokalt bygdearkiv, seier utgjevaren av den nye bygdehistoria.

Eit av bileta i boka; området frå Løvik til Langgot. (Foto: Eirik Nødset Bringedal)

Stor interesse for seniorsenter – utan institusjonspreg

Ei av tomtene (rød pil) som vil bli diskutert i samband med planane om eit seniorsenter på Husnes. (Foto: Kvinnheringen).

AV KRISTIAN HUS

Interessa for bygging av eit seniorsenter på Husnes ser ut til å vera mykje større enn det mange har trudd til no. For til det opne møtet i kulturhuset måndag ettermiddag møtte kring 70 personar fram for å få orientering om planane. Dei fleste som var der kjem i kategorien godt vaksne, og nokon gav endåtil uttrykk for at det hastar med å koma i gang. Otto Blokhus var ein av dei, han går i sitt 87. år.

– Visst eg skal få flytta inn i seniortunet, og det vil eg så gjerne, så hastar dette veldig no. Det kan de vel sjå på meg, sa Blokhus. Han minna om at det har vore snakka om eit slikt prosjekt på Husnes i minst 10 år og at det no er tid for handling.

Frivilligsentralen si seniorgruppe 62+ var arrangør av møtet og er venteleg meir enn nøgd med det store frammøtet. Derimot var arrangørane noko skuffa over at berre to av kommunestyret sine 35 representantar fann det interessant å koma. Men ordføraren var der, like eins leiaren i Levekårskomiteen, Stein Olav Ølvestveit. Dei to blir viktige i det føreståande arbeidet.


Innleiingsvis orienterte representantar frå Stiftinga Sosialbygget på Voss om sitt prosjekt, som inneheld totalt 108 leiligheter i ulike storleikar fordelt på tre bygg i sentrum av Vossevangen. 17 av leilighetene er tilrettelagt for ektepar. Stiftinga har sidan starten på 1970-talet også leigt ut lokale til merkantile aktørar, noko som har betydd mykje for finansieringa.

Dagleg leiar for prosjektet på Voss, Ove Jørgen Mørkve, streka under at dei heile tida har prøvd å unngå at bygga skal ha preg av å vera ein institusjon. Vi vil lengst mogleg vekk frå den tanken, sa han, og peika på at godt miljø og trivsel for den enkelte står i fokus. Alle leigetakarar skal i utgangspunktet kunna greia seg på eiga hand, men dei som har behov for det, har likevel same krav på hjelp frå det offentlege som alle andre. Mørkve meinte òg at det er ein stor fordel at eit slikt senter ligg i, eller svært nær sentrum.


Husnes

På Husnes tenkjer ein seg eit liknande prosjekt som på Voss, om enn i mindre format, med ulike former for næringsverksemd og/eller kontor i første etasje og leiligheter og andre fasilitetar i etasjane over. Kanskje eit bygg med 30 – 40 leiligheter i første omgang, sa Otto Blokhus.

Etter det som kom fram på møtet, tyder mykje no på at det blir meir fart i planane om eit seniorsenter på Husnes, men at det likevel er ein lang veg å gå. Sigurd Ness, leiar for heimetenestene i ytre Kvinnherad, sa blant anna at vi er nøydde til å tenkja nytt. I hans sone er det spørsmål om korleis vel 8000 menneske skal bu når dei blir eldre.

Ness hadde ikkje tru på at Kvinnherad kommune kjem til å byggja fleire sjukeheimsplassar i åra som kjem. Det blir heller meir snakk om å prioritera sterkare korleis pengane vi har blir brukte. Han streka òg under at utifrå ein slik filosofi er det viktig at kvar og ein planleggjer sin eigen alderdom. Soneleiaren visste ikkje om andre kommunar på vår storleik, som har så mange eldre einsame som nettopp Kvinnherad. Han såg for seg at prosjektet ein no snakkar om på Husnes blir eit samarbeid mellom det offentlege og private utbyggjarar. I første omgang må det lagast eit forprosjekt.


Sentral tomt

Geir Jakobsen i Husnes Storsenter fortalte at dei har ei ni mål stor tomt midt i sentrum, som eigarane per i dag ikkje veit kva skal brukast til. Han meinte tomta ville vera perfekt til eit seniorsenter og kasta fram fleire idear til korleis alt kunne utvikla seg. Draumen er at det kan byggjast eit nytt helsehus i sentrum av Husnes, der offentlege tenester innanfor sektoren blir samla under eitt tak.

Rådmann Torstein Aarthun trudde det blir endå betre å bu i Husnes sentrum i framtida, og oppmoda initiativtakarane til å halda fram arbeidet med eit seniorsenter. Han såg for seg fleire modellar å arbeida vidare med, Voss-prosjektet er ein modell. Finansiering og plassering blir viktige tema å få avklart i det vidare arbeidet, sa rådmannen.

Ordførar Peder Sjo Slettebø tykte det er bra med initiativ frå innbyggjarane. I dette konkrete tilfellet vil det vera positivt for utviklinga av Husnes sentrum, sa han. Det er også viktig å gjera regionsenteret så attraktivt som mogleg, sa ordføraren.

Soneleiar Sigurd Ness følgde opp med å påpeika at det er viktig å tenkja mest mogleg på at seniorsenteret skal bli ein bustad for eldre, ikkje ein institusjon.

Otto Blokhus avslutta møtet med å seia at einsemd blant eldre menneske er i ferd med å ta knekken på samfunnet vårt, og at det difor er heilt nødvendig å koma vidare med planane om eit seniorsenter på Husnes snarast mogleg. Vi kan ikkje berre sitja og sjå på denne utviklinga, sa han.

– Dette og skal vi få til, avslutta ein oppglødd Blokhus. Berre sjå på formueslistene i avisene om dagen, her er rikeleg med pengar å henta, sa han.


Eit av måla for Stiftinga Sosialbygget på Voss er å redusera einsemd og isolasjon, noko dei i stor grad har lukkast med, vart det sagt på møtet i kulturhuset måndag.


Kring 70 personar, alle godt vaksne, ville høyra meir om seniorsenter på Husnes.

Bok om eit kvardagsmenneske

Mange har gode minne etter Tjerand Aske.

Boka om Tjerand Aske frå Fjelberg er forteljinga om ein kunnskapsrik og uvanleg småbrukar og fiskar, som filosoferte mykje over meininga med livet, men som til slutt ikkje greidde å halda styr på seg sjølv og det vesle gardsbruket sitt. Nokre dagar etter han fylte 70 år, døydde han brått på gata i Oslo under dramatiske omstende.

Livet hans var langt frå ein dans på roser; men eit slit frå morgon til kveld, kjem det fram i boka. Historia er både vemodig og gripande.


Du kan lesa meir om boka og kor du kan få tak i ho her: http://skimtvis.no/aske

– Kanskje litt skræmande, men ikkje noko vondt i han!

Solveig Hopen. (Foto- Det norske bransjemagasinet).jpg

Solveig Hopen (biletet) dreiv landhandel på Fjelberg frå 1969 til 1974, og minnest enno godt Tjerand Aske. Sjølv om denne småbrukaren, fiskaren og eventyraren frå Borgundøy kanskje kunne virka litt skræmande på dei som ikkje kjende han, var det ikkje noko vondt i han. Men bestemte meiningar om mangt og mykje hadde han, seier den tidlegare butikkeigaren på Fjelberg. Til dømes var Aske sterkt engasjert under EF-kampen i 1972, og meinte at folk måtte røysta nei til unionen.


Les om boka «Den sindige villmannen» her.

Godt frammøte til boklanseringa

Fin stemning i Sjøstova på Borgundøy.

Sjøstova, huset frå 1600-talet, vart godt besøkt då boka om Tjerand Aske blei presentert.

Folk kom mann av huse til bok-lanseringa i Sjøstova laurdag ettermiddag. Rundt 60 personar både frå øyane og fastlandet møtte fram for å høyra om Tjerand Aske-boka – langt fleire enn venta.

Forfattaren takkar alle som kom og viste interesse for prosjektet. Takk òg til alle som kjøpte boka.

Boka er førebels til sals i butikken på Fjelberg, hjå SPAR på Sæbøvik og hjå bokhandlarane på Husnes og i Rosendal.

Du kan òg tinga boka ved å senda epost til kristian@skimtvis.no.

(Alle foto: Arne Gjerde)

Bok om Tjerand Aske

Kristian Hus 1.jpg

Midt på vinteren i 1931 sykla Tjerand Aske (1906 – 1976) over Folgefonna! Det er denne historia mange av oss har høyrt opp gjennom tidene, men forteljinga om eventyraren og den litt spesielle mannen frå Borgundøy i Fjelberg har endå fleire sider – både på godt og vondt.

Historia om Tjerand Aske er også forteljinga om ein kunnskapsrik og uvanleg småbrukar, som filosoferte mykje over meininga med livet, men som til slutt ikkje klarte å halda styr på seg sjølv og det vesle gardsbruket sitt. Alt fall i grus. Nokre dagar etter han fylte 70 år, døydde han brått på gata i Oslo.

Denne boka er i stor grad bygd på samtalar med folk som hugsar han, forutan at eg har funne opplysningar om han i offentlege skriv og dokument. Historia om Tjerand Aske er både vemodig og gripande.

Dette er mi tredje bok. Frå før har eg skrive bøker med fokus på dei eldre i Kvinnherad. No følgjer eg opp med ei ny bok til ettertanke og refleksjon.

Meir informasjon om boka kan du finna her.

Kristian Hus

Bok om Tjerand Aske

Vinteren 1931 gjekk Tjerand Aske (1906 – 1976) frå Fjelberg over Folgefonna, slik han også gjorde året før medan han arbeidde på ein gard i Hardanger. Han skulle tilbake til jordbruksskulen på Utne etter juleferien. Men denne gongen rodde han like frå Borgundøy til Rosendal og gjekk derifrå inn Hattebergsdalen, opp Ringerike til Prestavatnet og vidare innover til fonna. 
Det noko uvanlege med denne turen, var at han ikkje berre gjekk på ski, men at han òg sykla på breen der dette var mogleg. Det er ei historie mange har høyrt om opp gjennom tidene. Men forteljinga om småbrukaren, fiskaren, eventyraren og hardhausen frå Fjelberg har endå fleire sider – både på godt og vondt. Det får du lesa i boka om livet hans, som snart kjem ut.

Følg med!

Planlegg bok om doktor Haugen

Thor Inge Døssland og Kristian Bringedal har lyst til å skriva bok om den folkekjære distriktslegen.

Den eine har vore både lærar og kultursjef, den andre arbeider framleis i skuleverket, og begge to er ekte uskedelingar med sterk interesse for det skrivne ord. Kristian Bringedal og Thor Inge Døssland har dessutan vore aktive på nettstaden uskedalen.no gjennom ti år. No er dei i gang med eit nytt prosjekt; ei bok om den legendariske distriktslegen i Kvinnherad, Endre Haugen. Det er i alle fall det dei to skrivelystne karane ønskjer å få til.

Det var i desember 2014 interessa for doktor Haugen skaut ny fart, ikkje berre hjå Bringedal og Døssland, men hjå mange andre kvinnheringar òg. For då den ultralokale nettstaden i Uskedalen byrja å publisera historiar om den folkekjære distriktslegen vakna folk liksom til live, og sende inn sine minne om han. Berre i løpet av ein månad vart 35 ulike historiar om legen og bilane hans publiserte på nettstaden. Seinare har det kome inn endå meir stoff, og per i dag nærmar det seg 60 slike saker. Det meste av dette kan brukast i ei bok.

Meir å henta

– No er tida inne for å setja strek for prosjektet på nettstaden, og heller arbeida vidare med planane om eit hefte eller ei meir forseggjord bok, seier Kristian Bringedal og Thor Inge Døssland. Dei to er visse på at det er meir stoff å henta rundt om i Kvinnherad, som dei så langt ikkje har fått tak i. Om bokidéen let seg realisera, får tida visa, seier dei to potensielle bokutgjevarane. Tida vil òg visa kor omfattande skrift det kan bli.

I alle fall ber dei folk som enno minnest doktor Haugen, om å ta kontakt for å fortelja kva dei hugsar eller for å koma med tips til personar som kan vera aktuelle å snakka med. Begge delar er like verdifullt, like eins om det finst bilete.

Endre Haugen var fødd i 1895 og kom til Rosendal som distriktslege i Kvinnherad i 1934, ei stilling han hadde fram til 1966. Han var då 71 år gammal. Seinare praktiserte han som privatlege. Han døydde i 1986, 91 år gammal.

Har du noko å bidra med, så ta gjerne kontakt med Bringedal eller Døssland på telefon 915 31 487 eller 932 88 237. Dei lovar å sjå på alle tips som kjem inn. Dei søkjer også samarbeid med ressurspersonar, som meiner dei har noko å bidra med til ei eventuell bok om doktor Haugen.

kh

Den eldste boktrykkjaren i landet?

(Arkivfoto: Kristen Børje Hus)

Kåre Nedrevåg er 80 år, og er framleis aktiv i sitt gamle yrke; boktrykkjarfaget. Kanskje er han endåtil den eldste aktive boktrykkjaren i landet?

Gjennom einmannsføretaket Husnes Trykk har Kåre i mange år produsert trykksaker i ulike variantar til kundar i og utanfor Kvinnherad. Han gjekk i lære og tok svennebrev i Øystese, før han i 1965 flytte attende til Kvinnherad og var med og starta trykkeri på Husnes.

Tidleg på 1970-talet tok han initiativ til etableringa av Røde Kors Hjelpekorps si ambulanseteneste og var sjåfør der til han blei pensjonist. Jubilanten har òg vore militært interessert og var lenge med i Heimevernet. Myntsamling er ei anna interesse den «gamle» boktrykkjaren driv med.

No lever Kåre så visst opp til det gamle uttrykket «Skomakar, bli ved din lest».

17. mai-tale på Halsnøy

På nasjonaldagen hadde eg gleda av å halda tale for dagen ved Halsnøytunet. På oppfordring legg eg talen ut her på Skimtvis.

Godt folk!
Gratulerer med dagen, Norge sin geburtsdag.
I dag er det 203 år sidan landet fekk si eiga Grunnlov på Eidsvoll.

Det er det vi først og fremst markerer kvart år den 17. mai. Vi må vera stolte og takknemlege for at vi kan feira ein slik dag, spesielt her på vakre Halsnøy.
Grunnlova er blitt eit samlande symbol for fridom, sjølvstende og demokrati.

Lova vart starten på det moderne norske demokratiet; med folket i sentrum for styringa av landet.
17. mai markerer også meir enn 200 år med fred mellom dei nordiske landa. Fram til 1814 hadde Sverige, Danmark og Norge jamleg lege i krig med kvarandre i mange hundre år, i ein langvarig kamp om makt og innflytelse.

I Kvinnheringen på fredag hadde dei lista opp 10 stikkord til hjelp for dei som skulle halda tale på 17. mai. Avisa føreslo at vi kunne snakka om:

Vêret
Krigen
Freden
Folket
Toget
Bygda
Dugnad
Bunad
Pølser
Kroneis

Eg vil fokusera på krig, fred og folk.

Dei siste to åra har eg hatt gleda av å intervjua mange eldre menneske rundt om i heile Kvinnherad, om deira levde liv. Fleire av dei bur her på Halsnøy.
Eg syns det er viktig at folk får fortalt noko av det dei har opplevd, og at nye generasjonar seinare kan lesa og høyra deira historiar.

I samtalane kjem vi ofte inn på tema som krig og fred. Det er naturleg å trekkja noko av dette fram i dag.

Aslaug Sjo er ei av dei, sjølv om ho ikkje nett høyrer til dei eldste, ho er berre 82 år. Ho har skildra levande då ho som 5 – 6-åring, ilag med mor si og ei søster, måtte ro for livet for å unngå å bli råka av bombene som engelske fly sleppte over Slåtterøy fyr i Brandasund under siste verdskrig.

Og ikkje berre det; dei måtte òg passa seg for alle minene som fienden hadde lagt ut i fjorden.

Johannes Johnsen, også han frå Halsnøy, er snart 92 år. Det sterkaste minnet han har frå krigens dagar er då tyske soldatar kom på rassia i heimen deira på Sjo etter ein skyteepisode på Sunde. 

– Hadde dei funne geværet som far min hadde gøymt på loftet, ville vi blitt skotne på flekken, fortel Johannes i intervjuet.

Men både Aslaug og Johannes og mange andre, har også gode minne frå den tida, og nemner spesielt to dagar våren 1945. Aslaug gløymer til dømes aldri den store flaggstonga og det store norske flagget på den vesle øya ho voks opp på, etter at fienden hadde kapitulert den 8. mai.

Seinare i livet har både Aslaug og Johannes fått oppleva desse to mai-dagane mange gonger. Dei veit kva fred og fridom betyr. Mange eldre meiner det er minst like viktig å feira den 8. mai, dagen som sidan 1945 har vore sjølve fredsdagen i Norge. 

Det kan eg vera enig i, for det er ikkje sjølvsagt at vi i framtida får ha det like fredeleg som no. Difor må vi ikkje bli likegyldige i høve til kampen for fred.
Det er viktig å verna om demokrati og fridom kvar einaste dag og ikkje la vonde krefter få sleppa til.

De som er barn og unge må vera ekstra på vakt, spesielt i høve til problemet som rir Europa som ei mare for tida; radikalisering og terror.
Vi har sett det i Paris, i Nice, Berlin, Stockholm – og i Oslo. Og mange spør seg; kor slår terroristane til neste gong? Skjer det her hos oss?

Det virkar kanskje litt usannsynleg, men la oss vera årvakne og gje dei vonde kreftene motstand, slik mange nordmenn gjorde under siste verdskrigen.

Vi må likevel ikkje gå rundt i frykt, og la øydeleggjande krefter få styra kvardagen vår. «Frykt ikkje», står det mange stader i Bibelen. Det får vi leva etter.

De som bur her på Halsnøytunet har gått føre, og vist oss kva fred og fridom betyr for oss alle. I dag ønskjer eg spesielt dykk ein hyggeleg 17. mai, og ein fin livskveld her på heimen. 
Vi skal aldri gløyma dykkar innsats i samfunnet, og kva de har betydd for folk og land, og familiane dykkar. På Nasjonaldagen er det viktig at vi tenkjer over dette.

Gud signe vårt dyre fedreland,
og lat det som hagen bløma.
Lat lysa din fred frå fjell til strand
og vetter for vårsol røma.
Lat folket som brødre saman bu,
som kristne det kan seg søma.

Takk for at de høyrde på meg!

Kristian Hus

Etterlyste feiaren – på rim

Det kan svara seg å skriva brev til det offentlege på rim.

Det er mangt som kjem for ein dag når ein stundom tek seg tid til å rydda i skuffer og skap. Her er eit døme på det.
Ein lesar av Skimtvis har funne eit gammalt brev i arkivet sitt, som dei tidlegare eigarane av Lundagarden på Husnes, Johan og Unni Hoelfeldt Lund, skreiv til Feiarmeisteren i Kvinnherad hausten 1973. I brevet, som er skrive på rim, ber dei om at feiaren må koma og gjera jobben sin. Trass i to telefonar til kommunehuset i Rosendal, hadde dei ikkje sett snurten til han.

– Jeg venter med lengsel og håp så stor, at du til Onarheim på Husnes vil komme før høsten nu er omme, skriv Unni Hoelfeldt Lund.

Kommuneingeniøren i Kvinnherad, Olav Birger Espeland, fekk kopi av brevet og svarer nokre dagar seinare. Og han er ikkje verre enn folket på Lundagarden; han svarer på rim, han òg.

– Bønner på verseføtter går rett i våre hjerterøtter, feieren kommer før det blir sommer, skriv Espeland. Og som eit lite PS opplyser han om at brevet er skrive «med serskilt løyve frå Målførenemnda, jfr. lov om åndsverk».

Korleis det gjekk med feiinga på Lundagarden denne hausten for snart 44 år sidan, seier soga ingen ting om.

kh.

– Må aldri gløyma 9. april!

  – Folk var i sjokk, seier Bernt Kaldestad. (Arkivfoto: Geir Remme)

– Folk var i sjokk, seier Bernt Kaldestad. (Arkivfoto: Geir Remme)

Bernt Kaldestad minnest enno krigsutbrotet 9. april 1940. Han hugsar avskræmde naboar, som rømde husa sine medan krigshandlingane føregjekk på fjorden utanfor heimen sin.

Det stod dårleg til med det norske forsvaret då tyskarane angreip landet vårt, og utstyret til dei som vart innkalla til teneste var òg så som så. Bernt Kaldestad hugsar til dømes enno at han om morgonen 9. april måtte sy solar under beksømstøvlane til eit familiemedlem som skulle til Voss for å kjempa.

– Det måtte skje i all hast før han reiste, fortel Bernt.
 

Tok det ikkje alvorleg

Folk flest trudde nesten ikkje det dei såg og høyrde aprildagane i 1940. Og få hadde teke meldinga i Gula Tidend nokre dagar tidlegare, om at ein flåtestyrke frå Tyskland var på veg gjennom Storebælt med kurs for Norge, skikkeleg på alvor.

– Folk var i sjokk, fortel Bernt Kaldestad om det han hugsar etter krigsutbrotet.
 

Arbeidsleir

Han vart seinare innkalla til arbeidsleir i Skjold i Rogaland, men deltok aldri i krigshandlingar. Det kan han truleg takka motstandsmannen Gunnar Sønsteby og andre norske sabotørar for. Dei sprengde Arbeidsmobiliseringa sine kontor i Oslo.

 – Arkivet med papira våre fauk vel til himmels under sprenginga, skrattar Bernt Kaldestad i dag. Han meiner Sønsteby & Co. gjorde eit meisterverk den gongen.

I år er det 77 år sidan den tyske okkupasjonen av Norge. Det er ein dag vi aldri må gløyma, seier Bernt Kaldestad. Men likefullt må vi heller aldri gløyma 8. mai 1945 då Norge igjen blei eit fritt land.

Les meir om den tyske okkupasjonen her

Mimring om barndommen

BARNDOMSMINNE: Fire doble syskjenborn, Ragnhild og Aud Karin Bjelland, Knut Ragnar Gausvik og Olaf Agnar Gausvik. Biletet er teke i Omvikdalen i samband med gravferda til bestefar deira, Knut Gausvik.

DEN GONG DÅ
Tone: Vi tar en rungende...

Eg hugsa godt då eg va' liten gut
at adle vaksne såg so gamle ut,
og at dei klaga seg for verk og gikt,
men gjorde alltid meira enn si plikt.

Dei unge gifta seg når dei va' nødt,
og adle bodno dei va' heimafødt.
Om badnahage va' da ikkje snakk,
vi berre heldt oss fast i mor sin stakk.

Og snottaunga, dei fekk kamferklut,
vår framtid spådde vi i kaffigrut,
og vi laut læra oss å hjelpa te,
og bygdaslarvet sku vi teia med.

Vi måtte eta da so va sett fram.
Å ikkje lika noke, da va skam,
om da va lutafisk og komledott,
so sku da svelgjast som om da va godt.

All vask og reinhald va ein evig kamp
for badekaret vårt, da va ein stamp,
og nesten adle hadde utedo
med hardt avispapir og plass te to.

So mongt eit klesplagg da va omattsytt
og vart so fint at da va nett so nytt,
og beksaumstøvla kunde gå i arv
heilt ner til aller yngste gutalarv.

På skule gjekk vi berre an'kvar dag,
og bibelsogo va eit viktig fag.
vi pugga alt ihop med største flid
so vi sku hugsa da te evig tid.

Kvar haust ga skulen oss potetefri,
og arbeidsløno vår va kroner ti.
Slik fekk vi samla oss litt kapital
te helselagsbasar med årasal.

I søndagsskulen va da sagt med fynd
at da va veldig mykje so va synd.
So vi ba fint te Gud kvar enda kveld,
men gjorde fantastykkje likavel.

For vi fant på so monge sprett og spel
at du vil bare tru ein liten del.
Og keisemd va for oss eit ukjent ord
so eg fekk læra fysst då eg vart stor.

Vi hadde alltid godt og lagleg vêr
når bare regnet ikkje ausa ner,
og vinden ikkje snudde på søraust
so vi laut tjora fast alt so va laust.

Men da skein alltid sol på sytt'ne mai,
og kvar ein småplass hadde dampskipskai
der rutebåten kom med last frå by'n
med alt frå hesjastreng te havregryn.

Og longs ein smal og gruslagd veg te dals
sto mjelkerampane i hundratals
for vi va bondebygd med bondeskikk
med handelsverksemd og sardinfabrikk.

Vi snakka grei og tenlig dialekt
so Ivar Aasen va for oss perfekt.
Da skjøna ingjen når vi kom te by'n,
men heldigvis har dei forandra syn.

Og mykje meira sku' eg ha fortalt,
men da e' ikkje råd å ta med alt,
so e' da noke du vil leggja te
so må du sei ifrå og få da med.

/: Ja, da va den gong då, og ikkje no
og da tok åravis før vi forstod
at da va lukkelege badnaår
om vi vaks opp i svært so enkle kår. :/

Olaf Agnar Gausvik
 

 «...For vi va bondebygd med bondeskikk, med handelsverksemd og sardinfabrikk».

«...For vi va bondebygd med bondeskikk, med handelsverksemd og sardinfabrikk».

Minnelund på Husnes

Minnelunden har fått ein fin plass nær kyrkja med flott utsikt mot sjøen.

Husnes gravplass har no fått ein minnelund, som lenge har vore etterspurd. Minnelund er først og fremst tenkt som eit tilbod til dei som ønskjer ei namna grav å gå til, men som ikkje har høve eller ikkje ønskjer å setja opp eige gravminne. Med å velja ei grav på minnelunden treng ein ikkje å tenkja på stell av grav og gravstøtte.

Minnelunden har fått ein fin plass nær kyrkja med flott utsikt mot sjøen. Eit stort tre midt på plassen gir minnelunden eit vakkert preg. Steinen som er sett opp skal minna om dei mektige fjella i Kvinnherad. På steinen skal det monterast plater med namn og dato for fødsel og død på dei som vert gravlagde på minnelunden. Det er som regel urner som vert sett ned på ein minnelund, men det er òg høve til å setja ned kister.

Rekordfart

Minnelunden kom opp i rekordfart, ikkje minst takka vere vår dyktige multikunstnar Alf Jarle Langeland, som har jobba iherdig med å få minnelunden ferdig. Allereie eit par dagar etter at minnelunden stod klar, vart den første urna sett ned og den første namneplata montert.
Alle som bur i kommunen har rett til fri grav. Eingongsavgift for bruk av minnelunden er 3.000 kroner. Prisen inkluderer namneplate med montering og stell av området i dei 30 år grava er freda.

Ønskjer ein å forlengja festetida etter 30 år, gjeld vanleg festeavgift. Namneplata får då stå på steinen så lenge festeavgift er betalt.

Tekst: Erlingur Nielsson
Foto: Jan-Ove Fagerheim

(Kyrkjelydsbladet nr 1/2017)

Fitjar leiar i venskapsorganisasjonen

Septemberstemning frå sist utveksling, med Dinai García (nummer to frå venstre).

Den ideelle organisasjonen Venskap Kvinnherad – San Lucas Tolimán heldt årsmøte i Kvinnherad Bibliotek måndag 6. mars. Organisasjonen syter for at det er utveksling og samarbeid mellom venskapskommunen Kvinnherad og venskapskommunen San Lucas Tolimán i Guatemala.

Magne Fitjar er leiar i venskapsorganisasjonen.

Magne Fitjar blei attvalt til leiar i styret og med seg har han Eva Refvik, Steinar Haugan, Oddvar Larsen, Ragnhild Røstbø (vara), Randi Elisabeth Bjelland (vara), Linda Øen (utpeikt av kulturkontoret) og Ingrid Handeland (politisk vald).

På årsmøtet deltok Diani García med songar frå heimlandet sitt, Mexico. Seinare heldt Ragnhild Røstbø eit engasjerande føredrag supplert med lysbilete om stipendelevane i studiar og fest, gjennom snart ti år. Mellom dei unge kvardagsheltane som vart trekte fram var Yosselin med foreldre og ein liten veslebror, under avgangsfesten for utdanninga hennar: tospråkleg lærar; Dany, Lleral og Wilson, tre nye rekneskapsførarar i San Lucas Tolimán; Angélica, nybakt mor og om lag samtidig nyutdanna tospråkleg sekretær.
Orda til Malala Yousefzai står prenta som avslutning i årsmeldinga frå Stipendfondet: «One child, one teacher, one book and one pen can change the world. Education is the only solution.»

Magne Fitjar
referent

Sola har «snudd»

 Vi kan sjå fram til lysare tider! (Illustrasjonsfoto)

Vi kan sjå fram til lysare tider! (Illustrasjonsfoto)

Etter dagar og veker med regn frå morgon til kveld, blir det litt meiningslaust å snakka om at sola «snur». Men slik er det faktisk, for onsdag 21. desember er det vintersolkverv, trass i at sola er usynleg – i alle fall for oss.

Vintersolkverv eller vintersolsnu er den kortaste dagen i året, og er alltid ein del av vinteren, uansett kva vêr vi har. Kvervet skjer når den nordlege eller sørlege halvkula har størst helling vekk frå sola. I nord er dette gjerne den 21. eller 22. desember og i sør den 21. eller 22. juni.
På den motsette halvkula vil same dagen vera sommarsolkverv.

Hendinga er blitt markert som byrjinga på vinteren nokre stader, til dømes i Kina, der festivalen Dong Zhi fell på denne dagen. I det nordlege Europa har dagen derimot vore sett på som midtvintersdagen, som ein lenge har feira med jul.

Folketru

Det er mange gamle tradisjonar og folketru knytta til vintersolverv, og mykje kunne gå gale denne dagen. Difor skulle det korkje spinnast, kjernast eller gjerast noko arbeid som gjekk rundt og rundt. Nokon trudde endåtil at horna på kyrne losna og at vatn vart til vin då sola snudde.

Mange meinte òg at det kom mildvêr denne dagen, den såkalla kakelinna, eit ord som kom av bakinga til jul. Men den 21. desember skulle ein helst ikkje baka.

På den andre sida var det ein god ølbryggjingsdag og det var gunstig å skvetta litt øl på peisen fordi den då ville trekkja betre.
 
Å feira at sola snur eller kjem att, har vore vanleg blant mange folkeslag og på mange stader.

Nokon undrast på om vintersolkverv skjer til same tid kvart år. Svaret er nei, for det er ein viss variasjon i klokkeslettet frå år til år. Vintersolkverv kan faktisk gå føre seg både 21. og 22. desember, medan kalenderen opererer med den første datoen av praktiske grunnar.

(Framsidebiletet: Atle Helland).

Blikk på eldreomsorga i Kvinnherad

Sverre Bjørnevik har byrja salet i Spar Sæbøvik.

Ei ny bok ser nærare på livet ved aldersheimane i Kvinnherad. Frå heim til heim er no til sals hjå bokhandlarar og mange butikkar rundt om i kommunen.

Skribent Kristian Hus og sonen Kristen Børje, som er fotograf og grafisk designar, gav i 2015 ut boka Godt vaksen, med portrett av tolv eldre over 90 år i Kvinnherad kommune. No kjem oppfølgjaren; Frå heim til heim, der vi også denne gang ser på livet til nokre av dei eldste blant oss. Men i år har vi gått inn på alle alders- og sjukeheimane, og sett nærare på kvardagen der. Vi får høyra frå bebuarar om livet på heimen, men òg frå pleiarar, leiarar, pårørande, friviljuge og andre, som meiner noko om institusjonane.

Mange av dei eldre i Kvinnherad bur gjerne på ein alders- eller sjukeheim – og avsluttar ofte livet der. Alle kjenner vi nokon som bur på ein slik heim, enten i nær familie eller litt lengre unna. Men få av oss veit noko særleg om buforholda, arbeidsoppgåvene, stemninga, middagane, underhaldninga, politikken og økonomien. Frå heim til heim freistar å kasta eit lite blikk på desse temaene, og utfordrar oss til å tenkja over korleis dei eldre bør ha det.

Ei reise

Frå heim til heim er ei reise frå ein type heim til ein annan.

Boka er også ei reise frå ein alders- eller sjukeheim i éi bygd til den neste. Vi er innom Husnestunet, Halsnøytunet, Rosendalstunet, Ølve alderspensjonat, Varaldsøy aldersheim og bufelleskapet Utåker eldresenter.

Boka vil etter kvart vera i sal på følgjande stader:
Kvinnherad Libris Husnes
Rosendal Bokhandel
Spar Sæbøvik
Joker Ølve
Varaldsøy Handel
Fjelberg landhandel
Spar Uskedalen
Spar Hatlestrand
Nærbutikken i Åkra

Flott sherpasti til Malmangernuten

 (RT-bilete frå sluttrappporten)

(RT-bilete frå sluttrappporten)

Rosendal Turnlag si turgruppe med Kåre Eik og Morten Nygård som føregangsmenn, er i mål med nok eit flott og imponerande prosjekt; ein 237 meter lang sherpasti opp mot Malmangernuten.

Arbeidet med dei 591 trappetrinna tok vel fire veker, og vart i hovudsak utført av fire fagfolk frå Everest-regionen i Nepal. Også turlaget sine medlemmer har delteke, med til saman 340 dugnadstimar.

Prosjektet er gjennomført i samarbeid med Kvinnherad kommune, medan Kåre Eik hadde den daglege oppfølgjinga. Rekneskapen viser at stien har kosta 610.000 kroner, og det aller meste er finansiert gjennom gåver frå mange bedrifter, organisasjonar og private.

– Sherpaene har etter kvart fått internasjonalt ry på seg for å vera verdas beste stibyggjarar i bratt lende. Også denne gongen har det vore ei stor glede og ære å bli kjent med desse heidersfolka frå ein framand kultur. Ikkje berre er dei handverkarar av ypparste klasse, men samarbeid om planleggjing og organisering har vore gjort på ein praktisk og ærleg måte, i stor tillit til kvarandre, heiter det i sluttrapporten frå prosjektet.

Les heile rapporten her

Flottaste ferjetur i Hordaland

(Foto: Terje Eikemo)

Etter at NRK Hordaland i sommar har farta rundt og testa alle sambanda i fylket, er vinnaren no kåra: MF «Kvinnherad» i sambandet Utåker – Matre – Skånevik byr på den absolutt flottaste ferjeturen. Stor stas, seier kaptein Ørjan Handeland på vegner av heile mannskapet.

Etter 19 fine og mindre fine ferjeturar i Hordaland, er domen frå ferjemeldar og NRK-reportar Oddgeir Øystese klar. «Kvinnherad» skårar best på service og fasilitetar, med ein kafé som byr på heimelaga vaflar, sveler og potetstappe, i tillegg til komlemiddag kvar torsdag, seier Øystese på statskanalen si nettside.

Han gir i tillegg plusspoeng for frosta HSD-logo på glasdører i salongen, og det faktum at bilane må rygga på ferja ved Matre kai.

Totalt fekk dette ferjesambandet 27 av 40 moglege poeng. Ferja i sambandet Sydnes – Utbjoa – Borgundøy – Fjelberg kom på ein sterk 3. plass, eitt poeng bak vinnaren.

– Det er stor stas å få så mykje skryt, det betyr noko for oss og det er veldig kjekt, seier kaptein Ørjan Handeland, og legg til at han har ein flott gjeng om bord, som gjer ein god jobb.

Sjå karakterane til alle ferjesambanda her