Skaut elgokse i Drangedal

 (Privat foto)

(Privat foto)

– Ei fantastisk oppleving i flott natur! Det seier Bernt Eric Lyche Sæther (34) etter jaktturen i Drangedal fredag, der han for første gong i si jegerkarriere skaut ein elgokse på 60 meters avstand.

Skyttaren, med røter frå Rosendal, fekk sjå oksen koma gåande etter ei ku og ein kalv, og i eit lite sekund såg han alle tre dyra i kikkerten på børsa si. Kua og kalven passerte berre fem meter frå Bernt Eric og fór deretter vidare til skogs i valdet tilhøyrande Sannes gård. Men oksen vart liggjande!

Det er første gong Bernt Eric har skote elg etter at han byrja å gå på jakt. Oksen fall med heva hovud etter eit velplassert skot, fortel skyttaren, aldri så lite kry.

Slaktevekta på dyret er rundt 180 kilo.