Nyhende frå 1880-talet i veggen

 Det er mykje interessant stoff å finna i dei gamle avisene frå 1886 og 1889, kan Rune Enes slå fast.

Det er mykje interessant stoff å finna i dei gamle avisene frå 1886 og 1889, kan Rune Enes slå fast.

  Det er mykje interessant lesnad i gamle aviser....

Det er mykje interessant lesnad i gamle aviser....

Snikkar Rune Enes gjorde eit unikt funn medan han renoverte eit hus på Sanden i Uskedalen. I gavlveggen fann han nemleg nyhende frå 1880-talet. Ei Stavangeravis frå den tida var delvis nytta som isolasjonsmateriale.

Sjølv om tidas tann har gjort sitt er det mykje interessant stoff å finna i dei gamle avisene frå 1886 og 1889. Det var unekteleg ei noko anna vurdering som var lagt til grunn i avisene den gongen!

Ei spalte med nyhende melder mellom anna at Atlanterhavsdamparen "Europa" på reise frå Hamburg til New York har stranda i tåka ved Long Island. Folka vart redda, står det i den vesle notisen.

Som om dette ikkje var nok, blir det også meldt om ei ulukke på den svenske kysten, der mannskapet vart redda, medan skip og last «neppe staar til at bjerges».

Og i Drammen arbeider dei med sin badeanstalt.

I den samme spalta vert det fortalt at Tromsø har 5740 innbyggjarar og at talet har auka med 300 på 10 år. Vi får også vita at Russland har 90 millionar menneske, men berre 5200 lækjarar! Og berre halvparten av dei er tilsett i staten eller i kommunane.

Dødsannonsene var formulert på ein spesiell måte den gongen. Det vert til dømes meldt at det «…behaget Herren at borttage NN».

Noko anna som vert ofra stort merksemd er dei mange annonsane for lystturar i helgene. Ein tur frå Sandnes til Nærstrand kom på ei krone. Slåmaskinar vert òg avertert, men prisen er ikkje oppgitt.

Av Ola Matti Mathisen (tekst og foto)
www.uskedalen.no