Åsfrid Barstad ny leiar i Husnes Vekst

 Det nye styret og varamenn samla til konstituerande møte (frå venstre): Roald Teigen (1. varamann), Kirsten Hals (2. varamann), Per Magne Bringedal, Kari Natvik Røstbø, Åshild Barstad, Jan B. Ingvaldsen, Torill Kleven og Oddmund Skår.

Det nye styret og varamenn samla til konstituerande møte (frå venstre): Roald Teigen (1. varamann), Kirsten Hals (2. varamann), Per Magne Bringedal, Kari Natvik Røstbø, Åshild Barstad, Jan B. Ingvaldsen, Torill Kleven og Oddmund Skår.

Åsfrid Barstad (49) er valt til ny leiar i Husnes Vekst etter Kent Are Kjørsvik Petterson, som vil prioritera arbeidet i kommunepolitikken framover. Barstad kom inn i HV-styret for to år sidan. På det konstituerande styremøtet vart Jan B. Ingvaldsen valt til nestleiar i organisasjonen.
Husnes Vekst vart stifta i 1987, då som aksjeselskap med svært mange bedrifter og private som aksjonærar. Også Kvinnherad kommune var med på eigarsida dei første åra.
I 1995 vart aksjeselskapet oppløyst og slegen saman med Husnes Sentrumsforening, med mykje av dei same oppgåvene som dei to foreiningane kvar for seg hadde arbeidd med til då.
Seinare har det gått litt opp og ned i Husnes Vekst, med varierande aktivitet og medlemstal. Ved siste årsskifte var medlemstalet nede i knappe 60. Det er heilt klart for lite med tanke på alle viktige oppgåver som det må arbeidast med, seier den nyvalde leiaren. Å få opp medlemstalet og større engasjement igjen, er ei viktig oppgåve for det nye styret.

 – Vi har mange oppgåver framfor oss, seier styreleiar Åsfrid Barstad, her saman med nestleiar Jan B. Ingvaldsen.

– Vi har mange oppgåver framfor oss, seier styreleiar Åsfrid Barstad, her saman med nestleiar Jan B. Ingvaldsen.

Mange oppgåver

Elles er det flust opp med oppgåver å ta tak i for det nye styret i Husnes Vekst, seier Barstad. Ho trekkjer spesielt fram Hellandskrysset, både den lenge planlagte rundkøyringa og ny bru, eit prosjekt som styret vil arbeida for å få realisert snarast mogleg.
Ei anna sak er å arbeida for meir tomteland for private. Barstad meiner det er viktig å leggja til rette for byggjing av småhusvære både for eldre og unge i sentrum av Husnes. Ho håpar å få til eit godt samarbeid med Kvinnherad kommune om dette. Også marknadsføring av Husnes som reisemål for turistar, meiner Åsfrid Barstad er viktig.
Etter at Hordaland fylkeskommune nyleg utpeika Husnes som regionsenter, er det òg viktig at Husnes Vekst engasjerer seg for at det skal koma noko godt og positivt ut av dette, og bidra til vekst og utvikling så langt organisasjonen kan, påpeikar styreleiaren.
Hotellproblematikken er det andre som arbeider med, seier Barstad. Styret i Husnes Vekst vil likevel følgja denne saka nøye, til dess ho blir løyst på ein god måte. Situasjonen slik han er i dag, er ikkje tilfredsstillande for eit moderne regionsenter, avsluttar den nye styreleiaren.