Grenda-Jarle må gå Kvinnherad på langs

 Kvinnheringen og redaktør Tomas Bruvik (t.v.) vann to prisar, Jarle Håvik (t.h.) tapte veddemål. I midten:  Festleiar på LLA sin årsmøtemiddag (og tidegare kappgåar) Tore Strømøy. (Foto: Gard L. Michalsen/Medier24).

Kvinnheringen og redaktør Tomas Bruvik (t.v.) vann to prisar, Jarle Håvik (t.h.) tapte veddemål. I midten:  Festleiar på LLA sin årsmøtemiddag (og tidegare kappgåar) Tore Strømøy. (Foto: Gard L. Michalsen/Medier24).

Dagleg leiar i Grenda, Jarle Håvik, trudde ikkje konkurrenten (Kvinnheringen) fekk endå ein pris under Landslaget for lokalaviser sitt årsmøtet. Men han tapte veddemålet – og har no nesten åtte mil til fots framfor seg!

– Vi var på vorspiel før festmiddagen laurdag kveld, fortel Håvik til nettstaden Medier24. Han var sikker på at Kvinnheringen ikkje skulle ta to prisar under landsmøtet, og sa at dersom dei gjorde det, så skulle han gå Kvinnherad på langs.

Håvik har vore saman med rundt 250 andre på årsmøtet til Landslaget for lokalaviser i Trondheim denne helga. Det var også fire tilsette i Kvinnheringen. Fredag fekk dei LLA sin «Markedspris» for notis-avisa si fjor haust. Og då dei laurdag også fekk prisen «Årets avisside», betyr det at Jarle Håvik må ut og gå.

– Eg skal gå frå Folgefonntunnelen til kaia på Sydnes på Halsnøy. Det er vel om lag 77 kilometer, smiler Håvik.

Han håpte ikkje at Kvinnheringen skulle få fleire prisar. Men han var likevel stygt redd for det, så eigentleg var det vel litt dumt, humrar Grenda-sjefen overfor Medier24.

Ventar på finvêr

Når han skal ut og gå, veit ikkje Håvik heilt enno.
– Eg må finna ein dag det er fint vêr, så får vi sjå, seier han muntert.

Han har gått lange turar før, men aldri så langt som 77 kilometer.

Konkurrenten, dobbeltprisvinnar Tomas Bruvik i Kvinnheringen, var naturleg nok nøgd med både heider, ære – og Håvik sitt tapte veddemål.

– Å, det er så bra, så ufatteleg godt. Og så får vi begge litt reklame av det, tippar eg.

– De er gode kollega og konkurrentar?

– Jaja, til forskjell frå mange andre har vi ein god dialog og konkurranse. Vi plagar kvarandre litt, og konkurrerer om å vera best. Men alltid med godt humør, seier Bruvik.

Medier24 snakka med dei to konkurrentane laurdag kveld før festen på LLA-landsmøtet var heilt over og siste pris delt ut. Kvinnheringen-sjefen tok det gode humøret i konkurransen med seg til eit motveddemål.

– La oss seia det slik; dersom Grenda blir «Årets lokalavis», då skal eg gå samman med Jarle på turen! lova Tomas Bruvik.

 (For ordens skuld: Grenda blei ikkje «Årets lokalavis». Så Tomas Bruvik kan køyra etter i bil, medan han streamer heile gåturen live på Kvinnheringen.no

 Kvinnheringen-gjengen på årsmøtet, frå venstre: Mona Grønningen, Merete Lillesand, Elisabeth Berg Hass og redaktør Tomas Bruvik. INNFELT: Framsida på notis-avisa. (Foto: Gard L. Michalsen/Medier24).

Kvinnheringen-gjengen på årsmøtet, frå venstre: Mona Grønningen, Merete Lillesand, Elisabeth Berg Hass og redaktør Tomas Bruvik. INNFELT: Framsida på notis-avisa. (Foto: Gard L. Michalsen/Medier24).