Fjelbergskøyta

(Foto: Steinar Hystad)

I tolv år, frå 1960 til 1972 var mjølkeruta frå Fjelberg til Leirvik, med Johannes Miljeteig som skipper, fast gjest ved nattrutekaien måndag, onsdag og fredag. Kvar gong presis til kai rundt klokka elleve på føremidagen. Dårleg vêr med hard vind i kasta var aldri til hinder. 

Turen starta frå Borgundøy og heldt fram til Fjelbergøy, Sydnes og så rundt Borgundøy til Aksdal på nordsida før kryssing av fjorden. På dekk var det fullt av mjølkespann, i salongen passasjerar som nytta ruta til handel på Vikjo.

Les heile historien på www.stordnytt.no

Avskil med kultursjefen

 Kristian Bringedal har vore kultursjef sidan 2002.

Kristian Bringedal har vore kultursjef sidan 2002.

Sidan 2002 har Kristian Bringedal vore ein markant kultursjef i Kvinnherad kommune. Men no er det snart slutt, etter som han frå 1. juli går over i pensjonistane sine rekkjer.

Torsdag vart milepælen markert med ei fin og stilfull samling med alle tilsette i verksemd for kultur og fritid, som Bringedal har leia i mange år. Også ordførar Peder Sjo Slettebø deltok på markeringa i Kulturhuset Husnes.

Kultur og fritid i Kvinnherad er ei verksemd med stor breidde og mangfald i fagområde og avdelingar. Dette har også endra seg gjennom dei 14 åra Bringedal har vore leiar for verksemda. Ein komitè med representantar frå dei ulike fagområda hadde planlagt det stilfulle arrangementet i kulturhuset.

Det var Linda Øen, konstituert som kultursjef frå 1. juli, som leia samkoma. Etter at ho hadde gjennomgått Kristian si aktive arbeidskarriere, krydra med godord, fekk vi ei musikalsk opning til å koma i skikkeleg godstemning av. Kulturskulelærar Mauricio Weimar hadde nemleg kursa kollegaene sine på afrikansk marimba, og resultatet vart eit kjempemessig marimbaorkester, som fekk sving på dei afrikanske rytmane.

(Tekst og foto: Thor Inge Døssland)

Les meir på nettsida www.uskedalen.no her.

Soloppgang frå Andersfjell

Vakkert utsyn klokka fem om morgonen. (Foto: Svein I. Opdal)

Friluftsmannen Svein I. Opdal og tre andre var nyleg på overnattingstur til Andersfjell ovanfor Rosendal, med eitt mål for auga; nemleg å sjå soloppgangen frå heimste Bjønndalstind (1392 m o.h.).

Turfølgjet slo leir i ellevetida om kvelden med bål, og revelje neste dag klokka fire. Ein time seinare besteig dei Bjønndalstinden til den planlagte soloppgangen.

– Det er morosamt med alder, skriv Opdal på Facebook-sida. Han har rekna ut at han er tre gonger så gammal som Elisa, ein av turdeltakarane, dobbelt så gammal som Vigdis, ei av dei andre kvinnene i turfølgjet, og ein og ein halv gong så gammal som Signe, den tredje dama på turen.

Han er stolt over at dei alle greidde turen.

Du kan sjå fleire bilete frå turen på Opdal si Facebook-side her

Rydda og klargjort for sommaren

 Velkommen i Borvika! (Foto: Åsfrid Barstad)

Velkommen i Borvika! (Foto: Åsfrid Barstad)

Brynhild Stokka og Jan B. Ingvaldsen i aksjon på ryddedagen. (Foto: Åsfrid Barstad)

Då er badestranda i Borvika rydda og gjort klar for sommarens aktivitetar. Onsdag kveld arrangerte Husnes Vekst den årlege dugnaden i stranda, der 10 personar møtte opp med reiskap og arbeidslyst.

Styreleiar Åsfrid Barstad er glad for at folk bryr seg og deltek år etter år i denne dugnaden. Forutan at det styrkjer fellesskap og samhald blant folk som bur her, blir badestranda meir innbydande og triveleg for alle som brukar ho. 

– Det er viktig og nødvendig å halda det reint og triveleg rundt seg over alt, seier Barstad. Borvika er ein viktig del av regionsenteret, difor er dette eit svært godt tiltak, seier styreleiaren.

Ho er overraska over at det var så lite bos i stranda denne gongen, knapt to halvfulle sekker vart fylte opp, og det er jo nesten ingen ting å snakka om ein gong. Tare og gras vart raka saman av dugnadsgjengen og kasta i kontainaren, men det viste knapt nok att i botnen når dei var ferdige for kvelden.

Brede Grønningen frå Husnes Røyr stilte òg opp og monterte eit heilt nytt WC i toaletthuset. Det er styreleiaren svært glad for. 

Barstad fortel elles at Husnes Vekst nyleg har inngått samarbeid med prosjektet «Turstiar Sunde», som vil vil vera med og oppgradera eksisterande stiar og laga nye der det trengst langs Opsangervatnet frå campingplassen til Kaldaneset og skulane.

Det har òg lenge vore snakka om å få til ein sti, eller gangveg, rundt heile vatnet, men det er eit meir omfattande prosjekt som det vil ta noko tid å få gjennomført. Men ein plass må vi starta, seier Åsfrid Barstad. Styreleiaren tykkjer det er viktig at Husnes Vekst engasjerer seg i både store og små prosjekt. Det skapar merksemd i nærmiljøet, og venteleg vil det òg føra til at fleire etter kvart melder seg inn i organisasjonen.

Les enno Fadervår på gassisk

Edel Sjursen tykkjer ho er heldig som får bu på Rosendalstunet.

Edel Sjursen (98), enkje etter tidlegare sokneprest i Kvinnherad, Leif Sjursen, har to periodar bak seg som misjonærkone på Madagaskar. Der lærte ho seg både fransk og gassisk, det offisielle språket i landet. Og den dag i dag, 56 år etter at dei kom heim frå misjonsmarka, kan Edel lesa Fadervår utanåt – på gassisk. Også mannen brukte gassisk i gjerninga som misjonær for Det norske Misjonsselskap. Han døydde i 1999.

– Eg er heldig som får vera her på Rosendalstunet, seier Edel i ei bok om alders- og sjukeheimane i Kvinnherad, som er planlagt å koma ut i haust. Etter eit slagtilfelle for seks år sidan er ho i dag avhengig av hjelp til det meste.

Edel har levt eit innhaldsrikt og spennande liv etter at ho reiste frå Lårdal i Telemark til Madagaskar som 20-åring. Men ho tvilar på om ho får oppleva å flytta inn på det nye Rosendalstunet før det blir ferdig utbygt. Når du nærmar deg hundre år, må du rekna med litt av kvart, seier den gamle dama frå Telemark på ekte dialekt – og med glimt i auga. Kva som møter henne på andre sida av livet, tenkjer ho ikkje så mykje på.

Nedanfor kan du høyra Edel lesa Fadervår på gassisk.

Borghild i hundre!

 Borghild likar seg på alderspensjonatet i Ølve.  Borghild Thorkelsen (98) er ein typisk representant for dei som voks opp på landsbygda i førkrigstida: Dei vart fødde på eit lite småbruk eller ein gard, der foreldra måtte slita hardt for å skaffa nok inntekter til å leva av.  – Å, du og du for eit liv, seier Borghild når ho fortel om oppveksten i den vesle jordbruksbygda Ølve på 1920- og 30-talet. Dagens unge kan nesten ikkje førestilla seg korleis forfedrene levde på den tida. Ho var den eldste i søskenflokken og hugsar enno godt korleis det var, utan straum og med lite pengar blant folk flest. Ungane måtte tidleg læra seg å arbeida, men Borghild trur ikkje dei hadde vondt av det på noko vis. Sjølv er ho jo snart hundre år!  I dag bur Borghild på alderspensjonatet i Ølve, der ho får godt stell og pleie av flinke og kjekke folk – og god mat frå eit godt kjøken. Betre kan det nesten ikkje bli når du nærmar deg hundre år, seier ho.  Til hausten kan du lesa heile historia om henne i den nye boka vår.

Borghild likar seg på alderspensjonatet i Ølve.

Borghild Thorkelsen (98) er ein typisk representant for dei som voks opp på landsbygda i førkrigstida: Dei vart fødde på eit lite småbruk eller ein gard, der foreldra måtte slita hardt for å skaffa nok inntekter til å leva av.

– Å, du og du for eit liv, seier Borghild når ho fortel om oppveksten i den vesle jordbruksbygda Ølve på 1920- og 30-talet. Dagens unge kan nesten ikkje førestilla seg korleis forfedrene levde på den tida. Ho var den eldste i søskenflokken og hugsar enno godt korleis det var, utan straum og med lite pengar blant folk flest. Ungane måtte tidleg læra seg å arbeida, men Borghild trur ikkje dei hadde vondt av det på noko vis. Sjølv er ho jo snart hundre år!

I dag bur Borghild på alderspensjonatet i Ølve, der ho får godt stell og pleie av flinke og kjekke folk – og god mat frå eit godt kjøken. Betre kan det nesten ikkje bli når du nærmar deg hundre år, seier ho.

Til hausten kan du lesa heile historia om henne i den nye boka vår.

Snart klart for asfaltering

 (Foto: Kristen Børje Hus)

(Foto: Kristen Børje Hus)

Arbeidet med den 250 meter lange gang- og sykkelvegen i Bogsnesbrekka på Husnes nærmar seg avslutting. Denne veka driv entreprenørfirmaet Musland Maskin på med opprydding, grusing og jordkledning av området, og i midten av april skal dei leggja asfalt på nyevegen.
Anbodet for prosjektet var på rundt to millionar kroner, opplyser dagleg leiar Roar Musland. Oppdraget er utført på vegner av Kvinnherad kommune og Statens vegvesen.
I samband med arbeidet med gang- og sykkelvegen er også fem – seks store tre i området blitt fjerna. Det er òg lagt ned ny kumme for vatn, samt strekkerøyr for straumkabel dersom det seinare skulle bli aktuelt å fjerna luftspennet og leggja kablane i jord. Åtte lysmastrar skal òg på plass før oppdraget er fullført.
Husnes Vekst har engasjert seg i dette arbeidet, og er glade for det som er gjort så langt. Men styret vil framleis vera ein pådrivar for at gang- og sykkelvegen blir forlengja bort til gamle Undarheim skule.

Kyrkjekor i Kvinnherad

Eva Megyesi ønskjer å starta opp med eit kyrkjekor med medlemmer frå heile Kvinnherad frå hausten av. (Pressefoto).

Kvinnherad har ein særs dugande kantor i Eva Megyesi. I tillegg til at ho er ein framifrå organist under gudstenester, bidrar ho svært mykje også i andre samanhengar.

Ho arrangerer blant anna eigne kyrkjemusikkfestivalar og dirigerer dessutan Rosendal songlag. Positiv og engasjert som ho er, er Megyesi ein stor ressurs i det kvinnherske musikklivet.

Kvinnherad har per i dag ikkje eige kyrkjekor. Det syns Eva og mange andre at vi bør ha, og difor vil ho gjera noko med det. Ho ønskjer å starta opp med eit kyrkjekor for medlemmer frå heile Kvinnherad frå hausten av, med ei to-timars øving i veka. Aktuell øvingstid er måndag eller tysdag frå klokka18 eller 19. Fleirtalet av medlemmene bestemmer dette. Øvingstaden vert i Uskedal kyrkje.

Eva seier at repertoaret kan vera samansett av alt som inngår i kyrkjemusikken. Det kan vera liturgiske songar, gamle og nye salmar både norske og internasjonale, og litt gospel. Ho seier at det er så mykje fint å velja blant innan kyrkjemusikk.

Eva understrekar at dette vert eit supplement, og slett ikkje ein konkurrent til eksisterande kor. Dirigentjobben kjem til å gå inn i hennar kantorstilling, og ho håpar mange melder seg på til koret frå heile kommunen. Påmeldinga vil bestemma om koret vil ha tre eller fire stemmer.

Eva Megyesi ser for seg at koret kjem til å ha om lag to konsertar årleg; ein i juletida og ein i påsketida. Dei som ønskjer å vera med i koret, eller har spørsmål, kan ta kontakt på mobiltelefon 955 20 899 eller på epost micacica@online.no

Då er det berre å håpa at mange interesserte melder seg. Ein ting er i alle fall sikkert; dei får ein positiv, engasjert og dugande dirigent.

Thor Inge Døssland
uskedalen.no

Fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp:
Reint vatn til kriseområda

  Trass dårlege avlingar dette året, arbeider Dagne i åkeren for å førebu den tørre jorda på regnet han vonar vil koma. (Foto: Hilina Abebe/Kirkens Nødhjelp)

Trass dårlege avlingar dette året, arbeider Dagne i åkeren for å førebu den tørre jorda på regnet han vonar vil koma. (Foto: Hilina Abebe/Kirkens Nødhjelp)

Aldri før har vi sett så mange store humanitære kriser på ein gong. Kirkens Nødhjelp er i katastrofen med reint vatn. No treng dei di hjelp. 

Akkurat no er millionar av menneske råka av katastrofar – verda over. Det siste året har Kirkens Nødhjelp gitt reint vatn til mellom anna flyktningar i Sør-Sudan, Nord-Irak og Syria, flaumoffer i Malawi, tørkeråka i Etiopia og offer for jordskjelv i Nepal. 

  Den knusktørre jorda gjer det umulig å få avlingar som kan seljast vidare på marknaden. Det vesle som kan haustast inn, blir brukt som dyrefor. (Foto: Hilina Abebe/Kirkens Nødhjelp)

Den knusktørre jorda gjer det umulig å få avlingar som kan seljast vidare på marknaden. Det vesle som kan haustast inn, blir brukt som dyrefor. (Foto: Hilina Abebe/Kirkens Nødhjelp)

I Etiopia har vêrfenomenet El Niño skapt den verste tørken på 30 år. Ifølgje etiopiske styresmakter vil 10,2 millionar menneske vera truga av kritisk matmangel i 2016. Meir enn halvparten av desse er barn. 5,8 millionar menneske er i akutt mangel på vatn.

Mellom dei som er hardt råka er bøndene i Ankober-distriktet. 66-åringen Dagne i landsbyen Washa har sjeldan sett ein verre tørke gjennom sine 40 år som bonde. 

– Eg har vore gjennom vanskelege periodar i livet mitt. Det har skjedd før at regnet ikkje har kome og vi har prøvd å overleva med det vesle vi har. Men dette er noko av det vanskelegaste eg har opplevd. Kvar einaste dag må heile familien stå over måltid for å spara på maten, fortel bonden, som er far til ni born.

Enorm mangel på vatn

Tørken har skapt enorm vassmangel, ubrukelege avlingar og utarma beitemarker. Bøndene mistar dyra sine og dermed livsgrunnlaget sitt. Det litle regnet som har kome, har ikkje vore nok til å gi avlingar. 

For å greia seg må bøndene selja dyra som har overlevd så langt i tørken. Dei blir tvungne til å selja kyr som har sytt for verdifull mjølk til borna i familien. No har mange snart verken dyr eller pengar att. Dagne vonar framleis på regn, men er uroa for korleis han skal greia å driva jorda utan oksane sine.

– Eksistensen vår avheng av dyra våre. Utan dei blir det vanskeleg for oss å overleva. Eg veit ikkje kva eg skal gjera, seier Dagne fortvila. 

Kirkens Nødhjelp er til stades i Ankober og fleire andre av dei verst råka områda i Etiopia. Behova er akutte, og Kirkens Nødhjelp sørgjer for reint vatn og trygge sanitærforhold. 

– Vi er i gang med naudhjelpsarbeidet og har allereie jobba førebyggjande i fleire månader. Men når omfanget er så stort, treng vi all den hjelpa vi kan få, seier generalsekretær Anne-Marie Helland i Kirkens Nødhjelp. 

Du kan hjelpa

I kriser er vatn kritisk. Derfor er vatn noko av det aller første Kirkens Nødhjelp stiller med i katastrofar. Dei sørgjer for reint vann og høve til gode sanitærforhold der alt er øydelagt. Samtidig jobbar dei saman med folk i utsette område for å førebyggja den neste naturkatastrofen.

Kirkens Nødhjelp treng di hjelp for å hjelpa. 13. – 15. mars går Fasteaksjonen 2016 av stabelen. Ditt bidrag gjer det mogleg for KN å vera der med reint vatn når katastrofen råkar.

Av Magne Fitjar
KN-kontakt i Sunnhordland

Sørleg kryssing av Langenuen beste alternativet

Sørleg kryssing av Langenuen vil knyta Kvinnherad og Tysnes tettare til Stord, konkluderer Norconsult i ein rapport dei har utarbeidd for Sunnhordlandssambandet AS.

I planlegginga av traséar for ferjefri E39 mellom Sunnhordland og bergensområdet, har det vore vurdert ulike alternativ for kor vegen skal kryssa Langenuen mellom Stord og Tysnes. I juni i fjor fekk Norconsult oppdraget med å utarbeida ein rapport, som tek opp i seg dei ulike kryssingsalternativa over Nuen. Rapporten synleggjer kva som kan medverka til regional integrasjon.

Les meir her

Arbeid på sportsløypa i Sjøvangen

Sportsløypa blir etter kvart ei fullverdig rundløype på nær 1,5 kilometer.

Vinteren gav seg, det same gjorde isen og snøen. Dermed kunne arbeidet med 2. byggetrinn på Halsnøy sportsløype starta alt no, mykje tidlegare på året enn Røen og Sjøvangen velforeining trudde var mogeleg.

Andre byggetrinn går frå rasteplassen på Skarpeid og attende til parkeringsplassen. Den delen som skal byggjast no, er stipla med raudt på biletet, medan delen som vart grusa i fjor er merka med grønt.

Halsnøy Trelast AS er no i full sving med å planera traséen for trinn to. Dermed blir sportsløypa etter kvart til ei fullverdig rundløype på nær 1,5 kilometer. Velforeiningen vonar at heile løypa vil vera klar til bruk fram mot sommaren i år.

(Frå nettsida til Røen og Sjøvangen velforeining)

Samferdsle, sex og misunning

Her er både Hordalandsdiagonalen og Sunnhordlandsdiagonalen (grøn line), som mange i Sunnhordland ønskjer seg.

Det blir hevda at seksualdrifta er sterk, misunnelsen er sterk, men det er spørsmål om ikkje samferdsel – vegar til og frå – er enno sterkare. Det er knapt noko som får ein jamn vestlending til å få mest til lyst til å grava skyttergraver, skaffa seg hjelm og ta fram hagla, enn samferdsel.

Men vi lar det vera, i staden klarer vi oss med å vera svære i kjeften. Og «alle» har rett, i alle høve meir rett enn alle dei andre.

Men denne gong er det verkeleg vi som har rett. Statens Vegvesen veit det, fylket veit det, økonomane veit det. Det er snakk om kilometer med kortare veg fra vest og aust, det er snakk om få fram den sikraste vegen, den som går over Haukelifjell.
Samferdelsminster Ketil Solvik-Olsen har bestemt seg – eller har han det? Regjeringa vil la stamvegen gå over Haukeli, eller vil dei ikkje det likevel? Vegen som har færre høgdemetrar enn andre, han er minst ein halv time kortare å køyre og han er først og fremst mest av alt samfunnøkonomisk. Veldig samfunnsøkonomisk.
Det er snakk om ein veg som vil ha eit pluss på 12 milliarder kroner medreknaHordalandsdiagonalen, vegen frå Kløvet i Odda til Bergen.

Hordalandsdiagonalen vil gje store delar av dei indre delar av Hordaland kortare veg til Bergen og samstundes ha ein direkte kontakt med trafikk òg frå både Haugesund og Stavanger. E-134 vil med desse planane heller ikkje dele Vestlandet i to.

I motsetnad til Hardangervidda-løysinga, som samfunnsøkonomisk går ein milliard i minus. Dei litt uhøgtidlege påstandane om bergensarar som først og fremst vil ha denne vegen fordi dei vil ha veg til «hytten sin på vidden», er faktisk ikkje noko anna enn realitet. Det er næringsleiarar i Bergen sitt argument.
Men det er òg ei politisk side, eller valpolitisk side ved denne saka. Kan Hordalandsdiagonalen ryke viss det viser seg at det er stemmene frå Bergen som er i fleirtal? Byane har ikkje alltid vore til støtte for distrikta.

Ikkje er det rein semje i distrikta heller. Odda, Fusa, Jondal og Kvam, har Ullensvang med seg, men heradet held seg «for nåse» med høgrehanda. Dei andre er Eidfjord, Granvin og Ulvik. Dei siste vil over vidda.  Det heile kokar ned til kva som er det samfunnsøkonomisk beste vegvalet, det beste i køyretid, som har størst regularitet om vinteren og som held landsdelen samla.

Jau, det er nok samferdsel som er sterkaste drifta hos vestlendingar. Sex og misunning delar andreplassen.

Jan Gravdal
Jangen’s blogg

Kulturfestival på Husnes

Kvinnherad kulturfestival skal skipast til på Husnes neste månad, i år for 13. gong. Festivalen går over fire dagar, frå torsdag 4. til søndag 7. februar.
Fesivalstyret har eit mål om å sleppa til lokale talent og lovande utøvarar frå Kvinnherad og frå Sunnhordlandsregionen

Gode skiforhold

(Foto: Røen og Sjøvangen Velforeining)

Vinteren er komen og det er gode skiforhold i Halsnøy sportsløype, melder Røen og Sjøvangen Velforeining. Så viss det freistar med ein skitur i det flotte vêret vi har no om dagane, så ligg det ei flott løype i Røo og ventar. Her er nok snø og fine forhold, så no kryssar vi fingrane og håpar at vinteren held seg nokre dagar.

Frå storby i Afrika til Kvinnherad

 Mowlid og Mohammed er imponerte over dei høge fjella. Her med Ulvanåso i bakgrunnen.

Mowlid og Mohammed er imponerte over dei høge fjella. Her med Ulvanåso i bakgrunnen.

For vel ein månad sidan fekk Uskedalen nye innbyggjarar; tre unge gutar på rundt 20 år fra Somalia flytte då inn i leileghet i Beinavikjo. Dei kjem frå hovudstaden i Somalia, Mogadishu, og har flykta frå utrygge kår i den afrikanske millionbyen til eit trygt liv i Kvinnherad. Vegen hit har tatt si tid.

Mohamed (20 år), Ali (21) og Mowlid (20) er no i gang med å læra meir norsk på vaksenopplæringa på Husnes. Dei to førstnemnde snakkar allereie godt norsk.
Mohammed har hatt norskopplæring dei to åra han har vore på mottak i Sandnes, medan Ali har lært norsk i åtte månader medan han var på mottak eitt år og fire månader på Jæren. Mowlid kjem også frå Sandnes mottak der han budde eitt år og åtte månader, men han har berre lært det nye språket i fire månader. Noko av grunnen til dette er at han var ute for ei stygg sykkelulukke, som medførte sjukehusopphald. Alle tre er svært motiverte og lærevillige!

Omvising i bygda

Til no har livet i Uskedalen stort sett dreia seg om skule, ein tur på butikken og livet i leiligheten. Derfor avtala uskedalen.no ein biltur med omvisning for gutane, samstundes som vi hadde ein prat med dei med tanke på ein artikkel på nettsida. 
Ali var ikkje heime denne laurdagen. Den ivrige fotballspelaren var i Odda og spelte fotball med somaliske, norske og eritreiske venner.
 
Då vi møtte Mohammed og Mowlid på Vikjo, var noko av det aller første Mohammed fortalde om den snille nabodama, som hadde kome med eit stort julebrød til dei dagen før. Det glade ansiktet fortalde mykje meir enn mange tusen ord kor mykje dei sette pris på det!
 
Turen vår gjekk opp Uskedalen, og dei to let seg imponera av dei høge fjella, og var overraska over kor stor Uskedalen var. Vi viste mellom anna utgangspunkt for turløyper, og begge hadde lyst på turar til fjells til sommaren.

Positivt

Då vi spurde om korleis dei hadde det i Uskedalen, var det berre positivt å høyra.  Dei har fin leilighet, kort veg til butikk og busstopp, snille naboar, og så var dei begeistra for utsikten. Einaste var nok at det skein gjennom at dei ønskte eit meir aktivt liv, slik dei hadde i Sandnes. Det rekna dei med skulle koma etter kvart.

Etter samtalen var det naturleg å visa dei både Heio, kunstgrasbanen, styrkerommet og aktivitetshuset. Det som føregjekk alle desse stadene var av stor interesse, og dei håpa å koma i gang med trening så fort som mogeleg. 
 
Symjing likte dei òg. Dermed måtte vi jo visa kor bassenga i Rosendal og på Husnes var. Dei fann ut at det ville vera lettast for dei å bruka bassenget på Husnes, sidan månadskortet på bussen til 935 kroner berre gjeld for reiser mellom Uskedalen og Husnes. 
 
Det er tydeleg at det er tre aktive og positive ungdommar som er komne til bygda. Dei har lyst til å koma i gang med aktivitetar. Ali og Mowlid er dei to som er mest interessert i fotball. Førstnemnde spelte til og med seriefotball for Nærbø då han budde der på mottak. Noko anna dei har lyst til å koma fort i gang med, er trening i treningsrommet. Vi håpar dei vert trekte med i aktivitetslivet, men alle skal vita at dei tre høflege unggutane også set pris på eit vennleg smil og ein liten samtale.

Av Thor Inge Døssland
uskedalen.no

 

130 år med nynorsk

På møtet i Kvinnherad kommunestyre denne veka var det markering av at tidlegare Fjelberg kommune, som no er ein del av Kvinnherad, var verdas fyrste nynorsk-kommune.
Og dermed vart saka om å vedta eigen språkbruksplan teken opp i kommunestyret av Gaute Lund, representant frå Sosialistisk Fellesliste.

– Det handlar om å verte ein god nynorskkommune, og det gjeld også barnehage og skule, seier Gaute Lund, som også er styremedlem i Kvinnherad Mållag. Ordskiftet vart kort, men morosamt.
Ordførar Peder Sjo Slettebø, gjorde det klart at kommunen skal halde på nynorsken.

– Kvinnherad var den fyrste nynorskkommunen i verda, og om så gale skulle vere, skal Kvinnherad verte den siste nynorskkommunen i verda også.

Johnny Håvik (Ap) vedgjekk den ungdomssynda at han valde bokmål på Sunde skule i si tid, men har no gått over til å skriva nynorsk.
–  Og det vert lettare no som eg veit at eg kjem frå verdas fyrste nynorskkommune, seier Johnny Håvik.

Håvik nytta også høvet til å snakka fint om mållaget si marsipankake frå talarstolen. Tidlegare på dagen hadde Kvinnherad Mållag utdeling av marsipankake for å feire 130 år med nynorsk.
Og Ølve Mållag sende blomehelsing til ordførar og kommunestyret, og ynskte til lukke med dagen.

(Frå nettsida til Noregs Mållag)

Bok om markante vendepunkt

 Boka til Tor Bringedal er på 430 sider.

Boka til Tor Bringedal er på 430 sider.

 – Etter mi vurdering var perioden frå 1945 til 1965 den mest intense i Kvinnherad komune si politiske historie, seier Tor Bringedal.

– Etter mi vurdering var perioden frå 1945 til 1965 den mest intense i Kvinnherad komune si politiske historie, seier Tor Bringedal.

Det vore mykje vellæte å høyra om den nye boka til lokalhistorikaren og forfattaren Tor Bringedal, «Kvinnherad 1945 – 65. Omveltning». Boka handlar om den politiske utviklinga i kommunen, frå det mellombelse kommunestyret tok over styringa i 1945 til kommunesamanslåinga i 1965.
– Begge tidspunkta er markante vendepunkt i Kvinnherad si historie, men i nokre kapittel er det naudsynt å trekkja trådar både bakover og framover i høve til tidsgrensene, skriv Bringedal i føreordet.
Forfattaren reiser spørsmålet om omvelting er ein treffande tittel på ei bok om Kvinnherad i dei første 20 etterkrigsåra. Hans bilete av omvelting er henta frå jordbruket, der torva vart snudd, plogfòr for plogfòr for å få fram eit nytt grolag og ny vekst.

Ikkje brå revolusjon

– Det er ikkje mykje brå revolusjon i eit slikt bilete, seier Bringedal, men endringa er fullstendig når arbeidet er gjort. Han meiner endringane må innebera at Kvinnherad var ein heilt annan kommune ved slutten av perioden enn ved starten. Det er denne påstanden han prøver å underbyggja i boka.
Boka er ikkje kronologisk i den forstand at skribenten føl ei samla utvikling frå 1945 til 1965. Derimot er historia oppdelt i ni kapittel, som kvar tek for seg eit gjennomgåande tema og avslutta tema for heile perioden.

Politisk historie

Bringedal sin intensjon har vore å skriva den politiske historia til Kvinnherad kommune, men då er politisk tolka i snever forstand, skriv han i føreordet. Han har ikkje funne rom for mange andre sider, som heilt opplagt har hatt noko å seia for utviklinga av kommunen. Det er nok å nemna lags- og organisasjonsliv og næringsutvikling, som ikkje var direkte påverka av kommunale vedtak.
– Også i denne boka må vi løfta blikket og sjå oss rundt, seier Tor Bringedal. Først og fremst er det dei næraste nabokommunane som er interessante, etter som innbyggjarane i fleire av desse kommunane blei kvinnheringar frå 1. januar 1965.

Intens periode

– Etter mi vurdering var perioden frå 1945 til 1965 den mest intense i Kvinnherad komune si politiske historie, seier Tor Bringedal. Ingen annan periode kan visa til så mange og omfattande endringar, som desse første åra etter andre verdskrigen. Fleire av endringane var initierte frå staten eller frå internasjonal storkapital. Til tider kan det sjå ut som om dei kommunale styresmaktene vart meir eller mindre sette på sidelina. Men i andre samanhangar var det kommunen som hadde initiativet og sjølv skapte den høge temperaturen, påpeikar forfattaren i etterordet.

Den svært interessante boka, der vi får eit godt og grundig innblikk i den perioden Bringedal omtalar, er på 430 sider og trykt i 500 eksemplar. Boka bør absolutt kjøpast og lesast!

– Skal vi læra av historia, må historia formidlast, seier Tor Bringedal.

«Kvinnherad 1945 – 65. Omveltning» kan kjøpast hjå Kvinnherad Libris på Husnes, hjå Rosendal bokhandel eller direkte frå forfattaren si nettside her eller heime i Herøysund.

Prisen er kr 450,-.

Ny ferje- og båtbok frå Harald Sætre

 Harald Sætre signerte bøker i bokhandelen på Husnes laurdag. (Foto: Kristian Olav Bringedal).

Harald Sætre signerte bøker i bokhandelen på Husnes laurdag. (Foto: Kristian Olav Bringedal).

Harald Sætre frå Uskedalen er kjend for interessa og bøkene sine om rutebåtar, ferjer og samferdsle i Hordaland. No er han ute med boka «Fram og tilbake til by’n – om HSD, langruter, lokalruter, båtar og stoppestader».

Fredag og laurdag møtte vi forfattaren, då han signerte bøker og la eit grunnlag for eit godt sal i tida fram mot jul.
 
Uskedalen var før i tida ein sentral stoppestad og knutepunkt for Stavangeruta og Hardangerruta. Bygda er også omtala i den delen av boka, som er skriven om Kvinnheradruta. Mange minnest båtane «Kvinnherad», «Eidfjord» og ikkje minst «Halsnøy» i denne ruta.
I boka finn vi bilete både frå DS-kaiane Uskedal (Beinavikjo) og Myklebust (Sanden).
 
Harald Sætre skal delta på møte i Uskedal utvikling onsdag 2. desember. Her vil han fortelja og syna bilete frå den lokale rutefarten i HSD sitt ruteområde.
 
Av Kristian Bringedal
www.uskedalen.no

«Godt vaksen» sel godt

 Forfattaren på plass i Spar Uskedalen laurdag.

Forfattaren på plass i Spar Uskedalen laurdag.

Arnfred Eik var ein av dei som sikra seg boka.

– Eg er svært nøgd med salet, slo skribent Kristian Hus fast etter nokre timar på Spar Uskedalen laurdag, der han selde boka «Godt vaksen». Mange uskedelingar og folk frå nabobygdene viste stor interesse for boka, som handlar om 12 eldre kvinnheringar og deira syn på livet.  I tillegg har utgjevaren teke med tre essay.
 
Kristian Hus gjev ut boka i samarbeid med sonen Kristen Børje, som står for fotografering og den grafiske utforminga av boka.
Boka byggjer på samtalar med 12 kvinnheringar, og to av dei er uskedelingar. Det er Jens Ljosnes og Ragna Hjelmeland (f. Langballe), som voks opp på Skorpo.

Essaya i boka er skrivne av ungdommen Karen Anna Kleppe og dei to pensjonistane Ove Tvedt og Otto Blokhus.
 
Det er ei flott innbunden bok, og dei 15 har mykje interessant å fortelja.  Den erfarne mediamannen Kristian Hus er garantist for at dette vert formidla på ein god måte, og bileta til sonen Kristen Børje krydrar innhaldet.
 
Det er svært interessant å lesa om opplevingane til dei eldre. Det er tydeleg at ein av dei, Bernt Kaldestad (93 år), har rett når han uttalar:
– Eg er ingen gamling, berre litt eldre.
 
Av Thor Inge Døssland
www.uskedalen.no

Bygdeutviklingspris til Gøril Guddal

 Gøril Guddal opna Guddalstunet i mai 2014. No er ho blitt påskjønna av Innovasjon Norge. (Foto: Magne Fitjar/HusnesNett).

Gøril Guddal opna Guddalstunet i mai 2014. No er ho blitt påskjønna av Innovasjon Norge. (Foto: Magne Fitjar/HusnesNett).

Gøril Guddal har fått Bygdeutviklingsprisen i Hordaland for 2015. Hennar engasjement, pågangsmot og fantastiske gründerskap er gull verdt for Kvinnherad kommune, ja, heile regionen og fylket, skriv varaordførar Hans Inge Myrvold i ein kommentar på Facebook.

Saman med sjølve prisen får prisvinnaren også ei gåve på 50.000 kroner.
Det er Innovasjon Norge som kvart år deler ut Bygdeutviklingsprisen. Prisen er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for dei som har etablert ei vellukka bedrift eller næring med basis i bygdene og landbruket sine ressursar.

Kandidatane vert vurdert etter følgjande kriteriar:
•  Økonomisk resultat/lønsemd
•  Nyskaping/originalitet
•  Sysselsetjing, særleg for kvinner og ungdom
•  Sosial og miljømessig berekraft, herunder utnytting av lokale ressursar, fortrinn og ringverknader i lokalsamfunnet.

Gøril Guddal vart særleg kjend i fjor sommar då ho opna den restaurerte låvebygningen på heimegarden øvst i Guddal.