Fredsmarkeringar i Kvinnherad 8. mai

Frå minnestunda ved Husnes kyrkje 8. mai 2012. Frå venstre: Øyvind Røyrvik, Marta Røyrvik og Anna Prestnes. Dei to kvinnene miste far sin i tysk fangenskap under krigen.

Frå minnestunda ved Husnes kyrkje 8. mai 2012. Frå venstre: Øyvind Røyrvik, Marta Røyrvik og Anna Prestnes. Dei to kvinnene miste far sin i tysk fangenskap under krigen.

I samband med at det er 70 år sidan andre verdskrigen var slutt, vil Kvinnherad kommune i samarbeid med NROF, NVIO, Uskedal Friluftslag og Høylandsbygd Bygdalag arrangera ei rekke markeringar rundt om i kommunen. Det meste skjer på sjølve fredsdagen, fredag 8. mai, medan det på søndag blir samling i Radiohola i Høylandsbygd.

PROGRAM

Fredag 8. mai

Kl 11.00:
Kransenedlegging ved minnesteinen utanfor rådhuset i Rosendal.
Minnetale ved ordførar Synnøve Solbakken.
Elevar frå Malmanger skule vert med.

Kl 13.00:
Kransenedlegging ved minnesteinen ved Husnes kyrkje.
Minnetale ved ordførar Synnøve Solbakken.
Familien Knut Grønstøl og hendinga på Sunde 1943.
Helsingar.

Kl 17.00:
Samling på Stemneplassen i Skårhaug, Uskedalen.
Minnetale ved Bjørgulv Eik.
Uskedal musikklag.
Ny kunnskap om aprildagane 1940 i Kvinnherad ved Lars B. Sæberg, Trond Ramsøy og Einar Gjertsen.

Kl 19.30:
Veteransamling på Peppes Pizza, Husnes.
Informasjon om Forsvarets veteranteneste og NIVO Kvinnherad
Servering og sosialt samvære.
Med atterhald om endringar i programmet


Sundag 10. mai (Radioholo, Høylandsbygd):

Kl 15.00:
Friluftsgudsteneste  ved Jan Ove Totland.
Musikkorpsa frå Utåker og Høylandsbygd vert med.

Kl 16.00:
Sal av pølser, kaker og kaffi.

Kl 16.30:
Minneprogram.
Historia om Ingvald Hillestad og Olav Melkevik, som fall i krigen.
Lydfiler: Røysta frå London, Arnulf Øverland og Nordahl Grieg les eigne dikt.
Kong Haakon talar til det norske folket.

Dersom dårleg vêr, vert markeringa flytta til Høylandsbygd bedehus.