Om Skimtvis

Skimtvis er nettstaden til medieringrev Kristian Hus. Her finn du små saker frå og om Kvinnherad kommune og omegn. Skimtvis er også eit forlag som gjev ut bøker, og ein podcast du kan abonnera på i podcast-appen din.

Om Kristian Hus

Kristian Hus portrett

Kristian Hus (78) er fødd og oppvaksen i Rosendal, der han i ung alder fekk interesse for ord og bokstavar i bladet Grenda sitt prenteverk. Etter å ha gått i typograflære i Haugesunds Avis, var han i 1965 med og etablerte Aksidenstrykkeriet på Husnes, då industrireisinga var i full gang.

I alle år seinare har han vore mediamann, med journalistisk erfaring frå Kvinnheringen, Svalbardposten, NRK Hordaland og digitale medier, som Innsida og HusnesNett. I dag driv Hus nettstaden Skimtvis.no, der han mellom anna lagar lydintervju med eldre kvinnheringar som fortel om sine levde liv.

Hus har gjeve ut tre bøker: Den første var Godt vaksen i 2015, medan Frå heim til heim kom ut året etter. Begge desse bøkene handla om eldre og deira livssituasjon. I 2018 kom Den sindige villmannen, om Tjerand Aske frå Fjelberg. Dokter Haugen kom ut i april 2019, med ei andreutgåve i juli same år.

Hus har hatt mange tillitsverv innan organisasjons- og næringsliv, og har også fleire periodar i kommunestyret bak seg. Han har òg vore leiar i Kvinnherad eldreråd og fekk gjennom dette arbeidet ideen til dei to føregåande bøkene. 

Kontakt

Send e-post
Telefon: 995 20 864