Gaute Lund: – Kvinnherad-alternativet er best og billegast for E134

Lyd
Denne illustrasjonen er frå vegvesenet si aust/vest-utgreiing, og viser E134 med armen til Bergen, som til no har vore påtenkt. Den grøne streken mellom Åkrafjorden og Tysnes er ført på av Sunnhordlandsdiagonalen AS, og viser om lag korleis ein slik…

Denne illustrasjonen er frå vegvesenet si aust/vest-utgreiing, og viser E134 med armen til Bergen, som til no har vore påtenkt. Den grøne streken mellom Åkrafjorden og Tysnes er ført på av Sunnhordlandsdiagonalen AS, og viser om lag korleis ein slik diagonal kan gå. Både den grøne og den blå (ny E39) kan bli firefelts motorveg med 110 km/t.

– Hovudvegen mellom Oslo og Bergen må i framtida gå gjennom Kvinnherad og ikkje via Odda og Jondal, slik Statens vegvesen tidlegare har sagt, meiner det nyskipa selskapet Sunnhordlandsdiagonalen AS. I dette lyd-intervjuet peikar styremedlem Gaute Lund på at deira alternative trasé er den absolutt beste, og truleg også den billegaste.

Høyr intervju her:

Gaute Lund har tru på at ny E134 kan gå gjennom Kvinnherad.

Gaute Lund har tru på at ny E134 kan gå gjennom Kvinnherad.

Prislappen for traséen frå Jøsendal via Kvinnherad til Bergen, som Sunnhordlandsdiagonalen AS går inn for og som Dagfinn Fylkesnes på Stord har lansert, er på 20 milliardar kroner.

Statens vegvesen sin pris frå Jøsendal via Odda og Jondal er tidlegare rekna til 17 milliardar kroner, men den prisen er seinare auka opp. Det får Lund og andre talsmenn for "Kvinnherad"-alternativet til å tru på at dette prosjektet er betre, og endåtil billegare. Dessutan kan det byggjast raskare.
Lund trur at innan eitt til to år kan det vera bestemt kor traséen mellom Jøsendal i Odda og Bergen skal gå, og at prosjektet kan utbyggjast i eit fem til 10 årsperspektiv.

Forrige
Forrige

I faren sine fotefar 75 år seinare

Neste
Neste

Eit smykke ved Melderskin