Skimtvis forlag

Skimtvis har etter kvart lang erfaring med å skriva, produsera og gje ut bøker. Kristian har brukt heile livet på å snakka med folk og skriva, og språkkjensla er god. Sonen, Kristen Børje, er grafisk formgjevar og lagar til harmoniske boksider som lettar lesinga. Saman har dei stått bak ei rekkje lokale bokutgjevingar.

Vi har ikkje vore eit forlag i tradisjonell forstand, men frå tid til anna dukka det opp nye prosjekt som vi vurderte som interessante og fruktbare å jobba med. I løpet av 2024 fasar Skimtvis ut denne verksemda, og Kristian vil ikkje lenger involvera seg i større bokprosjekt. Men skulle du vera svanger med ei bokutgjeving kan du kontakta Enkelbok.no for hjelp med formgjeving og trykking.

Bøkene som vi har gjeve ut, og som framleis er tilgjengelege, er å finna hjå bokhandlarane i Kvinnherad; Norli Husnes storsenter og Rosendal bokhandel. Du kan også tinga bøker rett frå Skimtvis om det er lettare for deg.

Om bokutgjevingane til Skimtvis

Det er kjekt med bøker! Dei er kjekke å skriva, kjekke å produsera og kjekke å selja. Og venteleg også kjekke å lesa. Etter at Kristian slutta som aktiv mediamann, har han fått vera delaktig i fem ulike prosjekt, først og fremst i godt samarbeid med den grafiske designaren i familien, men òg i lag med andre.

I 2015 kom den første boka; Godt vaksen. Der fortalte 12 eldre kvinnheringar, alle over 90 år, om oppveksten sin og sitt lange levde liv. Vi fekk vita korleis ein heil generasjon måtte greia seg i tjue- og trettiåra og inn i vår moderne tid. Gjennom den enkelte si historie fekk vi også refleksjonar over livet på godt og vondt, og tankar om den siste tida her på jorda. Boka blei svært godt motteken, ja, faktisk ein best-seljar det året, og heile opplaget forsvann.

I 2016 kom oppfølgjaren; Frå heim til heim, der vi sette fokus på eldreomsorga i Kvinnherad. Også i denne boka fortalte fleire eldre om livet sitt og korleis dei såg for seg slutten. I tillegg skildra vi situasjonen til nokre sjukepleiarar som arbeider på sjukeheimane. Også den frivillige innsatsen blei løfta fram i boka. Vi meinte at både unge og eldre hadde godt av å lesa om livet innanfor institusjonen.

Den sindige villmannen kom i 2018. Den boka handla om livet til Tjerand Aske (1906–1976) frå Borgundøy i Fjelberg. Han var blant anna kjend for den spektakulære turen sin på ski og sykkel over Folgefonna i 1931. Men forteljinga om denne eventyraren og hardhausen har endå fleire sider, på godt og vondt. Han var ein kunnskapsrik og uvanleg småbrukar, som filosoferte mykje over meininga med livet. Men til slutt greidde han ikkje å halda styr på seg sjølv og det vesle gardsbruket sitt. Han vart også dømd for dyremishandling. Historia om Tjerand Aske er både vemodig og gripande.

I Uskedalen hadde Thor Inge Døssland og Kristian Bringedal teke initiativet til ei bok om Dokter Haugen. Kristian kom seinare med i arbeidet, og i 2019 kom boka om Haugen, som var lege i Kvinnherad frå 1934 til 1979. Han blei kjent som ein dyktig, hardtarbeidande, folkekjær og munnrapp distriktslege. Boka blei ein fulltreffar, og utgjevarane måtte trykkja nytt opplag for å dekka etterspurnaden. Historier som er komne til etter bokutgjevinga blir med ujamne mellomrom publiserte her på Skimtvis.

I 2020 kom sjølvbiografien og refleksjonane om Kvinnherad i boka Kristian Hus – Skimt frå livet og lokalmiljøet gjennom 80 år. Her finn ein ei interessant og lesverdig framstilling av livet til Kristian. Det har skjedd utruleg mykje i Kvinnherad i løpet av 80 levde år, og mykje av det han har opplevd er viktig å ta med i ei slik bok.

Boka Samfunnsbyggjarane fortel historia om ei verksemd som har sett djupe spor etter seg i Kvinnherad. Gunnar Røsseland var med og bygde Husnes og vart ei familieversksemd som dreiv på gjennom oppturar og nedturar, fram til konkursen i 2016. Boka kom hausten 2021.

2021 vart det to bøker, ei skildring av livet på og rundt Malmanger prestegard kom også ut på seinhausten. Boka Prestegardsminne samlar tre prestebarn sine forteljingar om tida si på garden. Knut Gunnar Sellevold og søskena Magne Medhus og Sigrid Margrethe Medhus Isaksen minnest dagleglivet i heimen og i bygda rundt, samfunnsendringar, krigen, kyrkjekampen, vitjingar og feiringar.

Hausten 2023 kom praktboka Fartøyhistorie frå Halsnøy, Fjelberg og Valen 1900–2023 for den som er interessert i lokal kystkultur og fiske- og fraktebåtar. 150 båtar er omtalt i alfabetisk rekkefølgje, i tillegg til mange reportasjar og intervju med folk som har vore knytte til fiske og transport med ulike fartøy i alle år. Det finst mykje anna historisk materiale i boka også. Det var ei boknemnd i Lions Club Halsnøy som stod bak utgjevinga, saman med forfattaren Arild Engelsen.

Også hausten 2023 kom boka om det sterke musikkmiljøet i Kvinnherad, Rock- og popband i Kvinnherad gjennom 60 år. Kommunen, og især industribygda Husnes, utmerka seg med eit blømande rockemiljø frå 1970-talet og framover. Etter kvart kom det også musikarar frå heile kommunen til, og alle sette spor etter seg både lokalt og nasjonalt. Forfattar Lars Jostein Rørvik (f. 1948) dokumenterer i denne boka pop-, rock-, jazz- og dansemusikk. Over 200 band og artistar frå denne musikalsk sterke regionen er omtalte .

Bestill bøker

Bøkene som er tilgjengelege er å finna hjå bokhandlarane i Kvinnherad; Norli Husnes storsenter og Rosendal bokhandel. Du kan også tinga bøker rett frå Skimtvis om det er lettare for deg. Det kan du gjera med skjemaet under her. Merk at porto då kjem til.

Our system has encountered an error. This exception has been automatically logged and reported. RPASEGMS726APXK6XBBP