Johannes Johnsen: Godt å bu heime i lag med kona

Lyd

Johannes og Kristine Johnsen trivst best i eigen heim.

Johannes Johnsen på Sæbøvik er glad for å kunna bu heime ilag med kona si, Kristine, så lenge han kan. Når dei er to, held dei også liv i kvarandre, seier mannen som no nærmar seg 92 år. Eit liv på Halsnøytunet, der mange berre sit og stirer inn i veggene, ser Johannes absolutt ikkje for seg. Han trur det blir alt for passivt for ein som har arbeidd og slite gjennom eit langt liv.

Lytt til episoden her:

Johannes og kona bur på Sjo, på eit lite småbruk like attmed vegen mot Ranavik. Den vesle garden har vore i slekta lenge, og her voks han opp ilag med foreldre og ni søsken. Faren dreiv med fiske attåt gardsarbeidet. Det kom sanneleg vel med under krigen, minnest Johannes. Hadde dei ikkje hatt småbruket den gongen, veit han ikkje korleis det hadde gått, seier han ettertenksamt. Mat og kle var nesten det einaste som stod i hovudet på folk den gongen.

Folkeskule einaste utdanninga

– Etter sju år på folkeskulen var vi utlærte, og ingen kunne tenkja på noko utdanning utover det. Men ein vinter på folkehøgskulen fekk han likevel med seg, minnest Johannes. Han vart konfirmert same året som krigen braut ut, og då var det berre å koma seg ut i arbeid. For hans del blei det fiske, som for mange andre på Halsnøy på den tida.

Johannes har eit godt minne og fortel levande om oppveksten sin. Han hugsar blant anna enno godt då tyskarane gjennomførte rassia på øya etter at ein soldat vart skoten på Sunde i 1943. Dei var på jakt etter gjerningsmannen. Han trur at om tyskarane hadde funne dei to geværa faren hadde gøymt på loftet, ville familien blitt skotne på flekken.

Sjømann og industriarbeidar

Då krigen var slutt vart Johannes innkalla til Marinen og var med til England for å henta heim fire jagarar som Norge skulle overta. Seinare lokka sjømannslivet. Han reiste både i nordsjøfart og i utanriksfart, eit liv som han enno minnest godt. Spesielt turane til Tyskland og Polen etter krigen er vanskeleg å gløyma. Det såg fælt ut over alt.

Tidleg på 1960-talet arbeidde Johannes som stillasarbeidar på Stord før han i 1972 fekk seg arbeid på verftet i Høylandsbygd. Her var han i 15 – 16 år før han vert pensjonist.

Livet som pensjonist er ikkje så verst berre ein held seg i vigør og lever sunt, seier Johannes Johnsen. Han syt ikkje over dagen i morgon heller; det er nok av alt, endåtil mat. Det er slik overflod i dag at ungane og barneborna våre nesten ikkje vil tru korleis det var før i tida, med lite mat og lite pengar blant folk flest.

Varer ikkje evig

– Eg kan ikkje tru at denne velstanden vil vara til evig tid, seier Johannes. Han tenkjer elles lite på slutten av livet, det blir ein berre skrullete i hovudet av, meiner han. Det får koma det som skal, legg han til.

Den gamle fiskaren, sjømannen og industriarbeidaren føl også ein del med i det som skjer innan politikken, både på riks- og kommunalt plan. Men han trur ikkje så mykje på kva politikarane seier, dei fer helst med lygn og fanteri, humrar han. Ikkje er det så nøye kven som styrer på inne i rådhuset i Rosendal heller, det er ikkje noko skilnad på det, seier han, vel vitande om at ordføraren i Kvinnherad så å seia er naboen hans.

Johannes tar livet som det kjem no og trivest i heimen.

Forrige
Forrige

Etterlyste feiaren – på rim

Neste
Neste

Trygve W. Eikeland: Trivest i eigen heim på Sunde