Og så er jola over...

Var det ikkje i går då, at me fann fram jolepynten, sette dei gamle tinga våre på faste plassar, pynta joletreet, som aldri har vore finare enn i år, laga til gjesteromma og fylte kakeboksar, kjøleskap og frysarar til randa?

At jolegjestene kom, og me koste oss ilag med spel og moro? At me sessa oss rundt bordet, song «Fager er jorda» og åt det beste pinnekjøtet nokon gong (Det gjer me kvart år). At heile storfamilien var samla til jolelunsj og triveleg samvær? Late romjolsdagar med trivelege spel og gode samtalar?

Tida går fort til vanleg, og i jola fyk ho. Men det var i alle fall i går det var nyttårsaftan, med vossingar i tre etasjar, og med ei riktig så kjekk feiring ilag med alle på garden.

Og så er det nytt år, med blanke ark og fargestiftar, som det heiter. Kvardagen kan koma og det er litt godt, det óg.

Men eg ser altså tilbakers på ei god jolehelg, og kan berre seia: Du verda, kor heldig eg er!

Jorunn Toskedal
01.01.18.

Forrige
Forrige

Aslaug Eik: Ser positivt på livet

Neste
Neste

Den eldste boktrykkjaren i landet?