Torleiv Sydnes: Tjerand levde eit villmannsliv, men var ingen villmann

– Tjerand Aske var godt oppdatert på det som skjedde i samfunnet, trass i at han i mange år levde åleine langt utanfor allfarveg – og stort sett berre ilag med dyra sine, fortel Torleiv Sydnes.

Tjerand Aske levde på mange måtar eit villmannsliv, men var på ingen måte ein villmann, slik vi tolkar ordet. Det fortel Torleiv Sydnes frå Halsnøy i dette intervjuet. Den tidlegare bonden og journalisten har berre gode minne etter den særeigne småbrukaren frå Borgundøy, som mange i lokalmiljøet hadde sine eigne meiningar om. 

Høyr intervjuet med Torleiv Sydnes her:

Blant folk flest blei nok Tjerand kanskje sett på som ein liten villmann i forhold til det «normale» på den tida han levde (1906–1976). Men han var langt ifrå ein valdeleg mann, tvert imot; han var ein snill mann, slår Torleiv Sydnes fast.

Han hugsar godt første gang han fekk sjå denne litt merkelege mannen. Det var utanfor Fjelberg kyrkje, der Tjerand var ein trufast gjest, trass i at han ikkje blei oppfatta som ein spesielt kristen mann. Men han hadde nok stor respekt for Gud og det himmelske, sidan han var ofte i kyrkja.

– Eg stod ilag med far min utanfor kyrkja då eg fekk auga på Tjerand, og lurte på om det var ein indianar, sidan han hadde så langt hår, fortel Torleiv.

– Mange såg på han som ein bygdeoriginal?

– Ja, han blei nok oppfatta slik, og det hadde sine grunnar. Far hans, Kristian, hadde vore ein tur i Amerika og kom tilbake til øya i 1897. Mora døydde i 1927 då Tjerand var 21 år, og etter den tid blei det far og son som dreiv det vesle bruket på Aske åleine. Både søstera, Vagnet og broren, Martin reiste ut når dei vart gamle nok.

Tjerand hadde eit godt intellekt, kanskje godt over gjennomsnittet, og såg truleg for seg eit anna liv enn det han fekk. Og etter å ha levt saman med faren i mange år, var det kanskje ikkje så rart at han blei som han blei, seier Torleiv Sydnes, og held fram:– Ein kar på Aksdal fortalde meg ei historie då det ein gong kom ein emissær til øya, som blei verande der i veke etter veke. Mor til Tjerand gjekk på møta i bedehuset kvar bidige kveld, noko Kristian etter kvart blei lei av, sidan han sat så mykje åleine heime. Så ein kveld tok han ut i halvmørket og nærast storma inn i stova til naboen utan å banka på, for å be han gå til bedehuset og henta heim kona si. 

– Ta med geværet!

– Du må ta henne med deg til Aksdal og la ho gå heim derifrå, sa Kristian, nokså oppøst. Dessutan må du ta med deg haglegeværet og skyta eit skot i lufta, så ho verkeleg forstår alvoret.

Korleis det gjekk, fekk eg ikkje vita, men venteleg forsto kona alvoret i situasjonen – og blei heime hjå mannen sin til dess emissæren var reist frå øya.

Historien fortel litt om kvifor Tjerand blei som han blei, meiner Torleiv Sydnes. Ei anna historie var då Kristian i ein periode var byrja å grubla over livet og kvifor alt var som det var her på jorda. Til dømes kunne han ikkje forstå kvifor Vårherre hadde skapt bjørnebærriset. Han tenkte lenge, og kom etter kvart til ei løysing: Det måtte vera fordi det skulle vera til plage for Farao.

Med dette bakteppet, er det kanskje ikkje så rart at Tjerand blei ein original, sterkt påverka av faren gjennom mange år. Dei to levde åleine på Aske i kring tjue år. Kristian døydde i 1947.

Tjerand var både intelligent og skuleflink – og følgde godt med i tida, fortel Torleiv Sydnes vidare. Han tok også utdanning i jordbruksfaget, mellom anna på hagebruksskulen på Utne i Hardanger. Såleis tileigna han seg dei teoretiske kunnskapane. Men då det kom til praktisk gjennomføringsevne svikta det, han var ikkje nokon arbeidsmann. Det bar den avsidesliggjande Aske-garden preg av i mange år.

– Det gjekk dårleg til slutt?

– Ja, det blei alt for mange sauer etter kvart, og i alle fall langt fleire enn småbruket på Aske hadde fór til. Så han måtte rundt om i bygdene og kjøpa så mykje høy han fekk tak i – og hadde råd til å betala for. Dette fortel alt om at Tjerand ikkje var likesæl til korleis dyra hans hadde det. Likevel enda det tragisk til slutt, han blei fråteken alle dyra tidleg på 1970-talet.


Kjøp eboka Den sindige villmannen her:

(Den fysiske boka er utseld)

E-bok: Den sindige villmannen – om livet til Tjerand Aske frå Fjelberg
kr 100,00

Midt på vinteren i 1931 sykla Tjerand Aske (1906–1976) over Folgefonna, ei historie mange av oss har høyrt opp gjennom tidene. Men forteljinga om eventyraren og hardhausen frå Borgundøy i Kvinnherad har endå fleire sider – både på godt og vondt.

Historia om Tjerand Aske er også forteljinga om ein kunnskapsrik og uvanleg småbrukar som filosoferte mykje over meininga med livet, men som til slutt ikkje klarte å halda styr på seg sjølv og det vesle gardsbruket sitt. Nokre dagar etter han fylte 70 år, døydde han brått på gata i Oslo.

Denne boka er i stor grad bygd på samtalar med folk som hugsar eventyraren frå Borgundøy, forutan at forfattaren har funne opplysningar om han i offentlege skriv og dokument. Historia om Tjerand Aske er både vemodig og gripande.

Dette er Kristian Hus si tredje bok, som kom i 2018 i 500 eksemplar. Den fysiske boka er utseld, men no er ho tilgjengeleg digitalt. Boka blir levert som nedlastbar PDF.

Legg i handlekorga
Forrige
Forrige

Video frå Husnes

Neste
Neste

Innevêr