Dokteren hoppa i vatnet og vassa i land

Dokter Haugen hoppa på sjøen og vassa i land fleire gonger då han var ute på sjukebesøk. (Teikning: Ole Bjarte Røssland).

Etter at boka om dokter Haugen kom ut i april, har utgjevarane blitt fortalt endå fleire historiar om han. Det fortel om kor godt minnet om han enno lever blant folk som på ulikt vis hugsar han. Nokre av forteljingane vil vi publisera på nettstadene uskedalen.no eller skimtvis.no i tida framover.

Vi byrjar med ei historie frå Karlsøy i Troms, der han var distriktslege på 1920-talet.

Haugen vert hugsa som ein kar som var både spretten, lett på foten og rask i snuen. Dette utnytta han til å spara tid når han var på ute på sjukebesøk. Kirsten Bøyum i Rosendal fortel ei historie om dette frå tida Haugen var distriktslege på Karlsøy i Nord-Troms.

Kirsten Bøyum hugsar enno historia som far hennar fortalte. (Foto: Kristen Børje Hus).

Far hennar arbeidde på anlegg, og det hadde skjedd ei ulykke. Haugen vart tilkalla, og i øykommunen Karlsøy var det vanskelege kommunikasjonar, så legetransporten måtte som oftast gå sjøvegen. Etter at Haugen hadde gjort første del av denne reisa i ein større båt, var det far til Kirsten som fekk oppgåva med å henta han siste stykket inn mot land i ein mindre båt.

Dokteren hoppa over i den vesle båten mest før han hadde lagt inntil, og då dei kom heilt inn i fjøresteinane, jumpa han frå båten og vassa siste stykket. Då båten kom inn til lands, var Haugen allereie godt på veg til pasienten.

Kva som skjedde vidare på legeoppdraget denne gongen, kjenner vi ikkje til.

*

Dersom du har lyst til å bidra med fleire historiar om Haugen, så er det berre å ta kontakt per telefon eller epost:

Thor Inge Døssland:
epost: thordossland@gmail.com
telefon: 932 88 237

Forrige
Forrige

Kyrkjegardsboka er klar

Neste
Neste

Bok om dokter Haugen