Om «bøller» og andre folkevalde

Det fòr eit uvêr over Kvinnherad torsdag kveld, men det blir for inkje å rekna samanlikna med det politiske lynnedslaget i formannskapsmøtet. Ordførar Peder Sjo Slettebø kunngjorde at han har fått nok av hets, personleg sjikane og gjentakande kritikk frå motstandarar i og utanfor det politiske miljøet. Han er tappa for krefter og er ikkje lenger Høgre sin ordførarkandidat ved kommunevalet i haust. Men han står framleis øvst på partiet si liste og vil uansett bli valt inn i kommunestyret. Valstyret har godkjent alle lister og no er dei også sendt til trykking.

Vi «misser» ikkje Sjo Slettebø og han forlet ikkje politikken, slik kommentarane på Facebook gjev uttrykk for. Mange har nok misoppfatta den reelle situasjonen etter ordføraren si dramatiske avgjerd om ikkje å stilla til val som ordførar.

Eg tykkjer det er trist at det politiske arbeidet, også her i Kvinnherad, har utvikla seg som det har gjort. Fleire, kanskje mange av dei folkevalde har hakka på ordføraren frå første dag. Ofte har vi fått inntrykk av at akkurat det har vore det viktigaste, framfor å finna gode løysingar på sakene. Det blei til slutt for mykje for Sjo Slettebø, og vi skal ha respekt og forståing for avgjerda hans.

Ein annan politikar, Kent Are Kjørsvik Petterson (V) er blant dei mange som er leie for at Peder ikkje vil vera ordførar etter kommunevalet i september. Petterson brukar endåtil nemninga «bøller» om dei som har stått i brodden for den massive kritikken mot ordføraren.

Om det er folk i eller utanfor kommunestyret som får denne karakteristikken, går ikkje fram av kommentaren hans. Men det skal ikkje mykje fantasi til for å tru at bøllene også finst blant dei folkevalde. Det er i så fall veldig trist, og eit stort demokratisk problem.

Alle som har følgt debattane i det siste kan ikkje ha unngått å leggja merke til den aggressive tonen enkelte har lagt seg til. Nokon av dei framstår endåtil med eit sjølvbilde og «eg veit best»-haldning som er ganske oppsiktsvekkjande. «Måtte Gud forby at slike kjem i posisjon igjen, uansett kor mange bjørnetårer dei fell», heiter det i ein kommentar på Facebook.

Eit gammalt ordtak seier at vi får dei politikarane vi fortener. Ja, gjer vi eigentleg det? Eg kan ikkje tru at det var meininga at bøllene blant oss skulle vera med og styra!

Kristian Hus
7. juni 2019.

Forrige
Forrige

Godt håp for eit seniorsenter på Husnes

Neste
Neste

Store mengder pollen