Valkamp med få saker

Ein knapp månad før kommunevalet i september kjem det eine politiske løftet etter det andre. Og det er ikkje måte på kor godt kvinnheringane no skal få det i åra framover, berre dei «rette» partia får overta makta og styringa. Vi har verkeleg grunn til å gle oss alle i hop!

Så langt i valkampen kan ein få inntrykk av at det denne gongen berre handlar om to saker; nei til vindkraft og ferja mellom Kvinnherad og Stord. I vindmølle-debatten blir det endåtil sagt at det er ei lagnadstid for kommunen vår. Det kan så vera, og eg har stor respekt for dei som engasjerer seg og legg ned eit stort arbeid for noko dei har stor tru på. Like eins må eg beundra dei som kjempar for eit godt ferjesamband. Det er eit godt teikn for lokaldemokratiet når vi ser slike engasjement.

Men skal valkampen dei neste vekene berre handla om vindmøller og ferjestø? Det må då vera mange andre viktige saker å diskutera framfor eit lokalval, tenkjer eg. Kva med skule og oppvekst, arbeidsplassar og eldreomsorg, har partia ein god plan for desse sektorane? Eg håpar alle parti snart vil stå fram og fortelja veljarane sine kva som er realistisk å få til innafor strame budsjett.

Dessutan: Eg er totalt likegyldig til om det kjem ein og annan sentral person til kommunen for å kasta glans over valkampen til partiet sitt, sjølv om vedkomande skulle ha hytte på Utåker. Om ein minister snakkar politikk under ein tjue minuttars ferjetur over fjorden, bryr eg meg heller ikkje om. Det er eit lokalval vi står føre, og då vil det vera greitt å få vita kva sektorar partia vil prioritera framover.

Samarbeid etter valet har òg vore etterlyst, men her ser det ut for at ingen parti vågar å ha noka meining på førehand. Det er dumt for oss som framleis sit på gjerdet!

Kristian Hus

Forrige
Forrige

Folgefonna Opp

Neste
Neste

Kurshelg om levd liv i Sunnhordland