Jarle Fossheim: Var med og henta vanstelte sauer på Aske

Tjerand Aske under heradsretten si synfaring i 1972. (Foto: Jarle Fossheim)

Jarle Fossheim frå Seimsfoss var i 1972 med og henta om lag 80 sauer frå ein avsidesliggjande gard på Borgundøy i Fjelberg – med makt. Dyrevernnemnda i Kvinnherad hadde fått melding om vanrøkt og rykte ut ilag med ein lensmannsbetjent for å ta hand om alle dyra. Mange av dei var i elendig forfatning, og trong fôrast opp på ein annan stad viss dei skulle overleva.

Høyr intervjuet her:

Jarle var berre 17 år den gongen og hugsar enno, nesten i detalj, alt som hende denne dagen. Ein skulle gjerne tru at ei slik hending ville gå sterkt inn på ein så ung gut, men slik vart det ikkje, fortel han i dette lyd-intervjuet. Han trur det gjekk meir inn på dei vaksne. Men spennande var det, same kva alder ein var i.

Aller verst verst var det likevel for eigaren av sauene, som stod igjen på land og heldt fast i ein tamp då fiskebåten «Fjelldur» bakka utifrå med alle dyra om bord. Han gaula og græt då dei drog derifrå, og heldt på å fara på sjøen. Det var kanskje dette som gjorde sterkast inntrykk på ungguten frå Seimsfoss.

Jarle likte å springa i fjellet og var vane med sauer heimefrå. Men synet som møtte han oppunder ein hillar på Aske, gløymer han ikkje. Han fann to sauekadaver, opphengde i strenger, og den dag i dag undrast han på kvifor dyra hang der.

Seinare, i 1974, kom saka opp i heradsretten, etter som Tjerand Aske var tiltalt etter dyrevernlova. Då var Jarle i militæret nordpå og var innkalla som vitne. Saka blei anka til Lagmannsretten i 1975.

Du kan lesa om livet til småbrukaren og eventyraren Tjerand Aske i boka Den sindige villmannen (2018). Han er kanskje mest kjend for turen han gjorde over Folgefonna vinteren 1931 – på sykkel og ski.

Tjerand budde i naustet sitt etter at våningshusa på Aske hadde ramla saman. (Foto: Jarle Fossheim)

Tjerand Aske i samtale med domaren (med pipe). (Foto: Jarle Fossheim)


Kjøp eboka Den sindige villmannen her:

E-bok: Den sindige villmannen – om livet til Tjerand Aske frå Fjelberg
kr 100,00

Midt på vinteren i 1931 sykla Tjerand Aske (1906–1976) over Folgefonna, ei historie mange av oss har høyrt opp gjennom tidene. Men forteljinga om eventyraren og hardhausen frå Borgundøy i Kvinnherad har endå fleire sider – både på godt og vondt.

Historia om Tjerand Aske er også forteljinga om ein kunnskapsrik og uvanleg småbrukar som filosoferte mykje over meininga med livet, men som til slutt ikkje klarte å halda styr på seg sjølv og det vesle gardsbruket sitt. Nokre dagar etter han fylte 70 år, døydde han brått på gata i Oslo.

Denne boka er i stor grad bygd på samtalar med folk som hugsar eventyraren frå Borgundøy, forutan at forfattaren har funne opplysningar om han i offentlege skriv og dokument. Historia om Tjerand Aske er både vemodig og gripande.

Dette er Kristian Hus si tredje bok, som kom i 2018 i 500 eksemplar. Den fysiske boka er utseld, men no er ho tilgjengeleg digitalt. Boka blir levert som nedlastbar PDF.

Legg i handlekorga
Forrige
Forrige

Bok om kyrkjegardane i Kvinnherad

Neste
Neste

Bok om «skaparen» Magnar Reigstad