Fartøyhistorie frå Halsnøy, Fjelberg og Valen 1900–2024
Del 2
Dette er andre band i serien Fartøyhistorie frå Halsnøy, Fjelberg og Valen – bøkene for deg som er interessert i fiske- og fraktebåtar i dette området frå 1900-talet og fram til i dag. Arild Engelsen frå Tønsberg har i mange år registrert og dokumentert fakta om rundt 500 av dei motoriserte fartøya som har vore i drift her opp gjennom tidene. Dette omfattande arbeidet gav grunnlaget for begge bøkene. Så langt det har vore mogleg følgjer vi mange av båtane frå «vogge til grav», frå dei blei bygde til dei blei kondemnerte eller tekne ut av teneste av andre grunnar.
Forutan spesifikke omtalar og bilete av mange båtar, inneheld begge bøkene reportasjar og intervju med folk som har vore knytte til fiske og transport med ulike fartøy i alle år. Spesielt fiske var ofte ei viktig attåtnæring til små og lite lønsame gardsbruk, og det forklarer langt på veg kvifor det opp gjennom tidene har vore så mange fartøy i drift i vårt område.
I tillegg finst mykje anna historisk materiale i desse praktverka.
Bøkene dokumenterer lokal kysthistorie og -kultur på ein framifrå måte, og er eit godt oppslagsverk for ein kvar som er interessert i det maritime miljøet i regionen.
Kjøp boka
Boka er til sals her:
SPAR Sæbøvik
Fjelberg Landhandel
Norli Husnes
Rosendal Bokhandel
Ark Heiane, Stord
Norli Bremnes
Norli Amfi Stord
Ølen Bok og Papir
Du kan også tinga boka på nett frå Norli, dei sender fraktfritt i heile landet.
Fartøyhistorie frå Halsnøy, Fjelberg og Valen 1900–2023
Del 1
Boka for deg som er interessert i lokal kystkultur og fiske- og fraktebåtar i dette området frå 1900-talet og fram til i dag. 150 båtar er omtalte i alfabetisk rekkefølgje, i tillegg til mange reportasjar og intervju med folk som har vore knytte til fiske og transport med ulike fartøy i alle år. Det finst mykje anna historisk materiale i boka også.
320 sider i stort format
Register over båtar nemnde i boka
Første band i ein serie på fleire
Pris: 449,–
Fartøyhistorie frå Halsnøy, Fjelberg og Valen er boka for deg som er interessert i fiske- og fraktebåtar i dette området frå 1900-talet og fram til i dag. Arild Engelsen frå Tønsberg har i mange år registrert og dokumentert fakta om rundt 500 av dei motoriserte fartøya som har vore i drift her opp gjennom tidene. Dette omfattande arbeidet er grunnlaget for denne boka, som omtalar 150 båtar i alfabetisk rekkefølgje. Seinare kjem band to med fleire båtomtalar. Så langt det har vore mogleg følgjer forfattaren båtane frå «vogge til grav», frå dei blei bygde til dei blei kondemnerte eller tekne ut av teneste av andre grunnar.
Forutan omtalar og bilete av båtane, inneheld boka også reportasjar og intervju med folk som har vore knytte til fiske og transport med ulike fartøy i alle år. Spesielt fiske var ofte ei viktig attåtnæring til små og lite lønsame gardsbruk, og det forklarer langt på veg kvifor her opp gjennom tidene har vore så mange fartøy i drift.
I tillegg finst mykje anna historisk materiale i boka, mellom anna det historiske funnet av restane etter ein gammal båt i ei myr i Toftevåg på 1800-talet, som fortel om urgammal båtbyggjarkunst i bygdene våre. Jakta «Skjoldmøen» er eit anna døme på gammal tradisjon.
Denne boka dokumenterer lokal kysthistorie og -kultur på ein framifrå måte, og er eit godt verk for ein kvar som er interessert i det maritime i regionen.
Kjøp boka
Boka er til sals her:
SPAR Sæbøvik
Fjelberg Landhandel
Norli Husnes
Rosendal Bokhandel
Ark Heiane, Stord
Norli Bremnes
Norli Amfi Stord
Ølen Bok og Papir
Du kan også tinga boka på nett frå Norli, dei sender fraktfritt i heile landet.