Bok om arv og ætt på Myklebust
Tormod Myklebust (75) frå Uskedalen har skrive både vinter og vår for å bli ferdig med boka si; ei forteljing om oldemor si innan slutten på Utvandrarjubileet 2025. Det greidde han, og på sjølvaste julafta fekk vi boka «Arven» – ei forteljing om Synneva Knutsdotter – i hende.
Godt vaksen: Om forfattaren og fotografen
No er alle kapitla frå boka Godt vaksen – Kvinnheringar fortel og reflekterer over livet, publisert her på Skimtvis.no. Boka kom ut i 2015 og har vore utseld etter det, men du kan no lesa alle tekstane frå boka her.
Godt vaksen: Birgit Boland
Birgit Boland har budd på Hatlestrand i over åtti år, men held enno på hardingdialekten sin. Det fekk ho li for den første tida etter at ho flytta hit saman med foreldra sine. For enno hugsar 96-åringen at ho vart erta på skulen for talemåten sin. Den gongen heitte det ikkje mobbing, men framgangsmåten var den same. At læraren korkje såg eller høyrde kva som føregjekk, og ikkje greip inn for å stoppa plageåndene, var kan henda ikkje så uvanleg på den tida.
Godt vaksen: Bjarne Enæs
– Søndagsskulen heime i stova likte vi lite, fortel snart 94 år gamle Bjarne Enæs. Men foreldra bestemte alt den gongen, og då måtte vi berre lyda, enten vi ville høyra gudsordet eller ikkje. Slik var det berre.
Godt vaksen: Bjørg Hellesøy
Bjørg Hellesøy på Løfallstrand høyrer til dei stillfarande menneska rundt oss, som slett ikkje likar publisitet om sin eigen person. Men ho har lete seg overtala og tar hjarteleg imot oss utanfor det gamle og staselege huset sitt på «Prestasætre», som plassen heitte før i tida. Ho blei 96 år i mai, og det skulle då berre mangla om ikkje nettopp ho har noko å fortelja frå eit langt – og til tider strevsamt liv.
Bøker er gode gåver!
Vi nærmar oss jol igjen, og bøker gjer seg alltid bra under joletreet. Om du vil gleda nokon som er interessert i lokal kultur, båtar, historie eller musikk, har Skimtvis ei rekkje gode bøker du kan pakka inn.
Godt vaksen: «I gode og vonde dagar»
– Når ein har passert åtti år, er det kanskje meir naturleg å tenkja på det ein har opplevd i livet enn på det som skal koma. Slik er det i alle fall for min del no. For kva er det å sjå fram til når ein har passert 83 år og er åleine? Eit liv på ein institusjon kanskje, sitjande i ein rullestol der eg må ha hjelp til alt. Hjelp til å eta, hjelp til å vaska meg og hjelp når eg må på toalettet.
Bok om bjønbærane
Det er fleire år sidan Lars Jostein Rørvik sa seg ferdig med bokbransjen og at han ikkje ville skriva meir. Men slik vart det ikkje! Etter å ha levd med ein alvorleg kreftsjukdom i eitt års tid, kjem han sanneleg no med endå ei bok; denne gong om bjønbærane i Røyrvik på Sunde.
Godt vaksen: Wenche Skaaluren
Eg har gjort mitt her på jorda, og er klar til å fara herifrå, seier Wenche Skaaluren når vi besøkjer henne i Rosendal ein grå og vindfull januardag. Ho har gjort nok i livet sitt, tykkjer ho, men meiner likevel at ho ikkje har sett djupe og varige fotefar etter seg. Det siste er det nok ulike meiningar om!
Godt vaksen: Ragna Hjelmeland
Ragna Hjelmeland tar dagane som dei kjem no, og går ikkje rundt og tenkjer på at livet ein gong vil ta slutt. Det kan vi ikkje gjera noko med likevel, seier ho. Einaste 90-åringen stundom tenkjer litt på, og innerst inne ønskjer, er at ho må sleppa smerter og ikkje ha det vondt når hennar siste time ein gong kjem. Bortsett frå det, får det gå som det går.
Godt vaksen: Jens Ljosnes
Det er 9. april 1940: Vêret er lettskya og fint med vår i lufta. 15-åringen Jens Ljosnes kjem roande mot land heime i Kvednavikjo om morgonen etter å ha teke inn garna sine. Enno rører dagens fangst på seg i stampen bak i båten; ein stor torsk og nokre småsei. Auregarnet hans var tomt for fisk denne gongen. Ein nabogut kjem småspringande ned mot sjøen og ser nokså oppøst ut. Han har visst noko alvorleg å fortelja.
Godt vaksen: Ny-pensjonist
– Når ein er blitt 65 år og ny som pensjonist, er det tid for ettertanke og tid for å sjå framover. Tida som er gått får eg ikkje gjort noko med, ho er borte. Men eg har lært noko undervegs. Den lærdommen vil eg bruka til noko. Eg vil møta tida som kjem med dei erfaringar eg har med meg.
Godt vaksen: Tordis Gausvik
Dersom Tordis Gausvik i Mauranger hadde fått levd livet sitt på nytt, er det mangt ho ville gjort annleis. Ho tenkjer spesielt på åra med små born, medan ho og mannen dreiv handel og HSD-ekspedisjon og endåtil eit lite småbruk i Sundal. I dag angrar ho litt på at ho ikkje brukte meir tid på dei minste.
Godt vaksen: Reidar Hjelmeland
Etter eit langt og godt liv, så å seia fri for sjukdomar, flytta 95-åringen Reidar Hjelmeland frå Herøysund til Halsnøytunet tidleg i 2015. Kona, Birgit (88) bur framleis heime. Det er best slik når åra renn på og helsa sviktar. Den gamle treskjeraren har fått plass på demensavdelinga, og vi forstår etter kvart under samtalen med han at ein del er forsvunne frå minnet. Men Reidar er ikkje borte vekk; og han kan enno fortelja. Dessutan høyrer og ser han uvanleg godt til å vera så langt oppi åra.
Godt vaksen: Solveig Heimvik
Solveig Heimvik (93) flytta seinhaustes 2014 til kommunalt husvære i Kvadraten, og seier ho i dag bur ideelt til. At ho har medverka til at folketalet på Utåker har minka, tenkjer ho ikkje så mykje på.
– Det var ein trist og vemodig dag då eg flytta, seier Solveig ettertenksamt. Men eg hadde god hjelp og det gjekk fort for seg. Ho kjenner enno på lengselen etter huset sitt og hagen med alle blomane, og viser oss eit vakkert bilete på veggen som fortel kva ho snakkar om. Er det løye at eg lengtar tilbake, spør ho?
Godt vaksen: Alt liv er verdt å leva
– Då eg var yngre var døden noko fjernt og uverkeleg. Eg kunne lese om andre unge, som døydde i ulykker eller av sjukdommar, men sjølv var eg udødeleg. Eg skulle leve til eg i alle fall vart 90. Eg skulle flytte til Oslo å få meg mann og tre barn. Eg skulle bu i eit stort kvitt hus med hage, og etter kvart lære meg å like hagearbeid.
Godt vaksen: Karl Landro
Eg kjenner at kroppen min er utsliten, men eg er langt frå lei av livet. Tvert imot takkar eg Vårherre for kvar dag eg får stå opp og kle på meg, seier Karl Landro på Sæbøvik. Han går i sitt 96. år og bur framleis heime i huset han bygde for snart 70 år sidan – og greier seg stort sett åleine. Berre om kvelden treng han litt hjelp av folk frå Halsnøytunet; dei kjem og trekkjer av han sokkane. Det er vanskeleg å bøya seg når kroppen stivnar til.
Godt vaksen: Valborg Vikane
På Rogdo reiste dei ikkje vekk korkje når dei skulle føda eller døy. Alt skjedde i heimen, både når det kom nye born til verda og når folk låg på sitt siste. På den måten fekk vi eit mykje nærare forhold til livet og døden enn i dag. No er begge delar så godt som ute av heimane; borna blir for det meste fødde på eit sjukehus og der sluttar òg livet for mange, seier Valborg Vikane på garden Ølvestveit. 92-åringen har budd her på nordsida av Åkerfjorden i heile 65 år – og held framleis på hardingdialekten sin.
Godt vaksen: Bernt Kaldestad
Bernt Kaldestad (fødd 1922) ønskjer å bu i heimen sin livet ut. Å flytta til ein annan stad vil han absolutt ikkje, i alle fall ikkje så lenge han er så sprek som no. Dessutan vil han ikkje høyra snakk om at han er ein gammal mann.