Gjorde ikkje forskjell på rikmann og fant


Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.


– Haugen gjorde ikkje skilnad på folk, fortel Ragnhild Røstbø (Privat foto).

Det går mange historier om at Haugen ikkje gjorde skilnad på folk. Av han vart alle behandla likt, uavhengig av stand, ja, nokre historier tyder endåtil på at han ytte litt ekstra for dei som trong det mest.  Han var ikkje alltid nøye med betaling frå dei som hadde minst.

– Haugen gjorde ikkje skilnad på folk, fortel Ragnhild Røstbø (Privat foto).

Ragnhild Røstbø, som voks opp i Våge på Sunde, hugsar ei hending frå då ho var jente. Det låg ei fanteskøyte i Oskesvika, slik det ofte gjorde på den tida. Ragnhild hugsar at det ein gong vart behov for legehjelp på skøyta. Ho veit ikkje kva som var grunnen, men ho trur det var ein vanleg sjukdom. 

Vi veit jo elles at fantane hadde rykte på seg for ha både temperament og eit fælt sinne, og at dei ikkje var redde for å trekkja kniv om dei vart ueinige.

Haugen kom køyrande og parkerte like ved huset der Ragnhild voks opp. Derifrå gjekk han til fots på stien gjennom terrenget mot vika der fanteskøyta låg. Det var eit godt stykke å gå, kan Ragnhild fortelja.  Sjølvsagt hadde han den velkjende legekofferten med seg, men han gjekk åleine. Etter ei tid kom han tilbake, sette seg i bilen og køyrde. 

Denne hendinga gjorde inntrykk på unge Ragnhild. Då Haugen kom og gjekk roleg åleine til fanteskøyta, viste han tydeleg at han ikkje gjorde forskjell på folk, avsluttar Ragnhild.

Neste
Neste

MS på nordøya