Militærteneste, eller fritak?


Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.


jesper-aggergaard-j6cMbjtCgvE-unsplash.jpg

I tida då Haugen verka som distriktslækjar, var det vanleg at dei aller fleste gutar måtte gjennomføra militærteneste i 20-årsalderen. Nokre av dei ønskte å sleppa unna dette året i «Kongens klede», av ulike grunnar. Men alle grunnane var ikkje like gode.

Dokter Haugen hadde besøk på kontoret av ein del ungdommar, som ønskte legeerklæring som skulle hjelpa dei til å sleppa unna militærtenesta. Men det var slett ikkje sikkert at dei fekk den støtta frå dokteren som dei håpa på.

Det vert fortald om ein ungdom som slett ikkje hadde lyst til å reisa heimanfrå i militæret, han kvidde seg for dette året. Han oppsøkte derfor dokteren, og håpte på å få ei legeerklæring som skulle hjelpa han til fritak. Men han fekk berre så vidt bore fram ærendet sitt, før Haugen snudde han og sende han ut døra med følgjande ord:

– De er en frisk, ung mann. Adjø!

Neste
Neste

Gjorde ikkje forskjell på rikmann og fant