20190422-DSCF5387.jpg

No er boka om dokter Haugen her!

No er boka om dokter Haugen (1895–1986) til sals i mange butikkar i Kvinnherad. Mange vil hugsa Endre Haugen som ein dyktig, hardtarbeidande, folkekjær og munnrapp distriktslege i Kvinnherad. Han byrja gjerne arbeidsdagen på doktergarden i Rosendal i fem-seks-tida om morgonen, før han drog ut på pasientbesøk i heile distriktet, også til veglause grender langs fjorden. Som oftast ulasteleg kledd i skjorte, dress og slips.

Slik heldt Haugen på heilt frå han kom til Kvinnherad i 1934. Før det var han distriktslege på Karlsøy i Troms og på Sand i Ryfylke.

Boka om den fargerike dokter Haugen byrja som ein serie på nettstaden uskedalen.no. Ei boknemnd med Kristian Bringedal, Thor Inge Døssland og Kristian Hus har ført arbeidet vidare, mellom anna gjennom samtalar med slekt, tidlegare kollegaer, vener og andre som hugsar Endre Haugen. 

Boka er på 200 sider og er rikt illustrert med mange bilde. Kristian Hus er utgjevar gjennom forlaget Skimtvis, medan Multipleks design har stått for den grafiske utforminga. Dette er den fjerde boka dei to samarbeider om.

– Vi trur både unge og eldre vil ha stor glede av å lesa om den fargerike distriktslegen. Dokter Haugen stod for verdiar som aldri går ut på dato, seier Kristian Bringedal, Thor Inge Døssland og Kristian Hus.

Boka er trykt i 800 eksemplar og er førebels til sals i desse butikkane i Kvinnherad:

• Kvinnherad Libris, Husnes

• SPAR Uskedalen

• Rosendal Bokhandel

• Varaldsøy Handel

• SPAR Hatlestrand

• Joker Ølve

Du kan også tinga boka i din lokale bokhandel over heile landet. Om du ønskjer å tinga boka på nett, kan du nytta skjemaet under her eller sende oss ein e-post, men då kjem porto og moms i tillegg. Bok-pris kr 359,-. Porto kr 82 (+ moms) for eitt eksemplar.

18-19.jpg
48-49.jpg
70-71.jpg
148-149.jpg