Gje meg sprit!


Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.


matt-briney-0tfz7ZoXaWc-unsplash.jpg

Alf Netland frå Hatlestrand hadde båt, og denne var han ofte til Rosendal med i forskjellige ærend. Han kjende såleis Haugen godt. Det vert fortalt at ein gong var han så sterkt forkjøla, og då han likevel var i Rosendal, tok han turen innom dokterkontoret.

Haugen konstaterte fort at tilstanden ikkje var god, og at det trongst medisinering.

– Du får gje meg sprit, sa den forkjølte.

– Jeg skal lage en hostemikstur til deg, jeg, svara dokteren.

– Nei, det er sprit eg vil ha, heldt pasienten fram.

– Det er dokteren som bestemmer medisineringen, svara Haugen og blanda ei flaske med den velkjende hostemiksturen sin.

Netland var nok ikkje fornøgd, for det vert fortalt at då han kom til båten som låg ved Skåla-kaien, heiv like godt flaska med miksturen på sjøen.

Neste
Neste

Det vart stille!