Den gode replikkvekslaren
Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.

Ein kar som jobba ved eit av båtbyggjarverfta på nordsida, var uheldig og hogg seg stygt i leggen. Haugen vart bodsendt, og han kom over fjorden så fort det let seg gjera.
Det måtte sying til, og dokteren gjorde kjapt klart til operasjonen med reinsing og vasking. Bedøvelse var det ikkje snakk om. Det pleidde han ikkje bruka under sying.
Då han var i gong, kika han stadig opp på pasienten. Truleg gjorde han det for å følgja med på om han bleikna med fare for å besvima. Det irriterte nok pasienten at Haugen dreiv og såg på han på denne måten, så han sa:
– Sjå ikkje på meg, sjå på leggen der du syr, du!
Denne replikken merka nok Haugen seg, og la den på minnet.
Noko seinare oppsøkte den same pasienten dokterkontoret i Rosendal. Haugen hadde det som vanleg travelt, og syntes nok pasienten dulla for mykje då han skulle kle på seg, og at det gjekk for tregt å få han ut døra. Dermed kom følgjande replikk frå dokteren:
– Se ikke på meg, se på døren, du!