Dokterbesøk på nordøya


Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.


joshua-bartell-B5PGhF55FgU-unsplash.jpg

Nordøya er ei lita øy like utanfor Vikane i Ølve. Naboøya heiter Terøya. Den siste som budde på Nordøya var ei gammal kone; Anna Nordøen (nordøy-Anno). Siste tida fram til ho døydde 86 år gammal i 1967, var ho den einaste som budde på denne vesle øya. Når ho skulle handla, rodde ho enten til Vikane eller til Nymark.

Ein vinter vart ho dårleg, og ho låg for det meste til sengs. Ei heimehjelp ringte til Haugen, fortalde om tilstanden og at nordøy-Anno trong legehjelp. Det var skikkeleg uvêr desse vinterdagane, men så fort det kom ein morgon som lova bra vêr, fekk Haugen tak i skysskar, for han ville til nordøyo og sjå om den gamle dama og gje henne medisin.

Då dei kom til øya, gjekk dei opp til huset, men dei fann ingen heime. Kaldt og mørkt var det også i huset.

Dokteren og skysskaren fann ut at dei ville gå til Vikane for å høyra om nokon visste kor nordøy-Anno var. Då dei kom inn på butikken var den gamle dama den første dei møtte. Ho var på butikken og handla parafin, brød, kaffi, smør og anna nødvendig. Sjølv om ho ikkje var frisk, hadde ho funne ut at ho måtte handla denne finvêrsdagen, for vêrteikna fortalde henne at det var nytt uvêr i vente.

Haugen vart litt småarg då han såg at ho var og handla. Han sa at ho skulle ha lege heime i senga for å verta frisk.

– Frisk! Det er lite gagn i å verta frisk når ein må liggja heime i senga og svelta i hel, var svaret frå Anna Nordøen til det. 

Dama friskna til og vart klar for ein ny vår, fortel Margaret Haugland.

Neste
Neste

Den gode replikkvekslaren