Det vart stille!


Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.


hyttalo-souza-a1p0Z7RSkL8-unsplash-kutta.jpg

Johanna Kalstad hugsar ein gong ho var på dokterkontoret i Rosendal med dotter si for å få henne vaksinert. Det var spedbarnskontroll, og mange andre var der i same ærend. Ungane skreik og skreik, og det var eit skikkeleg hylekor på venterommet etter kvart som dei nyvaksinerte kom ut og hadde fått sprøyta si.

Då Åslaug, dotter til Johanna fekk sprøyta sette ho sjølvsagt i å hylskrika, ho òg. Dokteren hadde det travelt med å få dei ut frå kontoret, men Johanna fortel at ho hadde bestemt seg for at ho ikkje rikka seg derifrå før jenta var slutta å skrika.

– Eg visste ikkje kva eg skulle gjera, men så bad eg Åslaug om å spørja kor gammal dokteren var, fortel ho.

Mellom tårene stotra jenta spørsmålet.

– Jeg er hauggammel, og vet du hvor gammelt hauggammelt er? Det er veldig gammelt, svara dokteren på sin lune måte. Då roa jenta seg heilt. Dermed kunne mor og barn forlata kontoret, og den travle dokteren kunne gjera klar ei ny sprøyte.

Neste
Neste

Bomtur!