Bomtur!
Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.

Haugen var nitidig og nøye i det som var av kontorarbeid, vert det fortalt av dei som hadde med han å gjera på dette området. Kvar månad leverte han «rekneskap» til trygdekontoret slik at han kunne få utbetalt det han hadde rett på. Månadsoversiktene var ført for hand, og summeringane var gjort på gamlemåten utan tekniske hjelpemiddel på den tida.
Når året var slutt, summerte dei opp alt og utarbeidde ei årsoppgåve til bruk i skatteoppgjeret. Eit år på 1960-talet kom Haugen til trygdekontoret for å klaga. Han hadde sjekka tala på årsoppgåva og meinte at dei var komne til for høg inntekt på han. Det måtte vera feilsummert. Det var snakk om 10.000 kroner, og det var mykje pengar på den tida.
Dette måtte sjølvsagt sjekkast nøye. Saksbehandlaren sette seg ned saman med Haugen. Det var grådig mange tal som måtte summerast, og dei sat over ein time for å kontrollera det.
Resultatet vart at dei to kom fram til at det var feilsummering på 10.000, men feilen gjekk andre vegen. Dermed måtte dei plussa på inntekta på den utsende årsoppgåva med 10.000, og dermed måtte Haugen betala endå meir i skatt.
– Jeg skulle nok ikke ha kommet, sa han og flirte og lo då han gjekk ut døra etter at resultatet var klart.