Eit varig minne
Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.

Kåre K. Haugen går rundt med eit varig minne etter behandling hjå oldefaren sin. Eller skal vi heller seia at det er eit varig mein?
Det hadde seg slik at Kåre hadde drive og kløyvd ved medan han var gutunge. Og uheldig som han var, trefte øksa eine fingeren i staden for vedkubben. Resultatet vart eit kraftig kutt, og det måtte behandlast og syast.
Mora tok Kåre med til doktergarden, sjølv om han for lengst hadde avslutta legegjerninga. Han nærma seg 90 år.
Kåre fortel at dokteren tok imot dei, reinsa såret og gjekk i gang med syinga med skjelvande hender.
– Han skalv kraftig på hendene då han skulle sy. Skjelvinga var komen med alderen, veit du. Eg hugsar at då han skulle avslutta, måtte mor mi overta nåla slik at ho vart tredd gjennom for å laga knute.
Såret grodde, og slik sett gjekk det greitt, men resultatet vart eit solid arr. Det har han framleis. Såleis har Kåre alltid med seg eit minne om oldefaren uansett kor han oppheld seg.