Sjukemelding?
Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.
Det var lytt mellom dokterkontoret i Rosendal og venteværelset, etter som det ikkje var lydtette dører den gongen. Dermed vart dei som sat og venta ein gong vitne til ein pasient som klaga seg mykje for vond rygg. Han meinte tydelegvis sjølv at det einaste som hjelpte var ei sjukemelding.
Undersøkinga til dokteren gav tydelegvis ikkje noko grunn til at pasienten skulle få noka sjukemelding. Til slutt høyrde dei på venterommet at han sa:
– Men hva vil du jeg skal skrive da?
– Du kan skriva kolikk! kom det frå pasienten.