Arbeidsavtale mellom oldefar og oldebarnet


Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.


Oldebarnet Kåre Haugen, son til Kjell og Elin Valland, hadde ansvar for plenslåtten i doktergarden fleire somrar då han var gutunge. Det var ingen tilfeldigheter, og det var skriftleg korrespondanse om arbeidsforholdet. Breva er skrivne med sirleg handskrift, og med fyllepenn. 

Kåre var eldste oldebarnet til dokteren, og han fortel at første sommarjobbane hans var å slå plenane til folk i familien. I fleire år gjorde han dette heime hjå foreldra, hjå bestefaren (Lambrecht Haugen), hos bestemora (Magnhild Valland) og altså i doktergarden. 

Kåre Haugen

– Best avkasting var det hjå besto mi, der eg fekk ein rund sum. Dei andre stadene var det på timebetaling, fortel Kåre om sommarjobben sin.

Dokter Haugen var nok den mest formelle arbeidsgjevaren. Det viser nokre brev han sende til oldebarnet i samband med slåttearbeidet sommaren 1985.

– Etter første plenslåtten hjå oldefar i 1985, vart eg kalla inn i stova for oppgjer. Oldefar spurte kor mange timar eg hadde. Eg ville ikkje ta for mykje i, så eg runda ned til næraste time. Så føreslo han same betaling som året før per time. Eg nikka samtykkjande, og fekk betalinga for plenslåtten i kontantar, fortel Kåre om forhistorien til breva.

Seinare på dagen vart det snakk om dette heime hjå Kåre. Faren meinte at for det første måtte Kåre ikkje vera flau for å gje opp reell arbeidstid, og dersom han skulle runda av så måtte det i alle fall bli oppover. Vidare meinte faren at Kåre burde forlanga høgare timeløn, slik han hadde fått hos dei andre på grunn av alder og inflasjon. Kåre sa at han ikkje kunne forhandla om lønna med oldefaren.

– Då reiste far min ned i doktergarden for å ta opp saka med oldefar. Kva som der utspann seg, veit eg lite om. Men far min sa i alle fall at han hadde skulda oldefar for å vera direkte gjerrig, som ikkje ville betala meir, fortel Kåre om det som skjedde vidare.

– Stor var undringa då det nokre dagar seinare dukka opp ikkje mindre en to brev i postkassen, med ei gammaldags handskrift på konvolutten med mi adresse på. Det viste seg å vera frå oldefar. Det første brevet er datert 16. mai 1985. Han hadde tydelegvis vurdert far min sin påstand om underbetaling, og tilbydde meg kr 13,- per time for plenklypping resten av sumaren. Det er også lagt ved eit 5-kroners frimerke for å dekka opp mellomlegget frå forrige oppgjer, «…etter din noget svævende oppgave av arbeidstiden», som han skriv.

Haugen avsluttar brevet på følgjande måte: «Dersom misnøye med timebetaling vedvarer, trekker jeg meg, og anbefaler tinging med datter Ragnhild, som er av yngre årgang og bedre kjenner ungdommens arbeidsvilkår».

Det andre brevet var datert dagen etter, 17. mai. Han hadde no konferert med dotter si, Ragnhild, som hadde fortalt at Kåre er «rask og øvet med plenklipperen». Haugen tilbaud derfor kr 15,– per time!

Dette brevet lydde slik:

Til Kåre K. Haugen

Datter Ragnhild sier du er rask og øvet med plenklipper. Så hun vil iår for dette arbeide betale deg kr. 15 per time.

Forhåbenlig godtar du dette tilbud. I så tilfelle trekkes mitt forslag i brev av 16/5-85 tilbake.

Rosendal, 17/5-85.

oldefar

– Dette tilbodet vart akseptert, og eg fortsette som plenklippar i doktergarden. Frimerka hadde eg ikkje bruk for og fekk veksla dei mot klingande mynt hos mor mi, avluttar oldebarnet Kåre Haugen denne artige historia, som fortel mykje om kor formell dokter Haugen var, også i sin næraste familie.

Neste
Neste

Rekvirerte sjøfly