Rekvirerte sjøfly
Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.
I 1953 vart bestefar til Lars Næs, som budde i Mauranger, svært dårleg. Haugen forstod tydelegvis alvoret med ein gang. Han kom ikkje sjølv, men rekvirerte fly til Bergen.
Bestefaren kom fram til sjukehuset, men livet stod ikkje til å redda, og han døydde på sjukehuset. Det var hovudpulsåra i magen som var sprukken. Det forstod nok Haugen med ein gong, og det er nok forklaringa på at han rekvirerte sjøfly, noko som var uvanleg på den tida.