Krupp
Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.
Lars Næs var mykje plaga med krupp då han var liten. Ein kveld han fekk eit sterkt anfall, heiv faren seg på mopeden og køyrde til Haugen, sjølv om han visste at dokteren likte dårleg slike besøk om kvelden etter at han hadde lagt seg.
Men han opna straks døra til kontoret og fiksa nokre dråpar med medisin, som han sende med faren heim.
Då guten fekk dråpane, var kruppanfallet som blåst vekk. Eit godt eksempel på at blandingane til dokter Haugen verka.