Vanskeleg fødsel


Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.


Lars Næs kom til verda heime i 1963, sidan fødselen kom litt brått på. Det var ein komplisert fødsel så Haugen var på plass saman med jordmor Herborg Øvrehus. I tillegg var ei tante av Lars der og hjelpte til.

Haugen såg at fødselen måtte skje med tang, og han visste at det då kunne vera hardt å vera til stades. Difor vende han seg til tanta til Lars og sa vennleg:

– Klarer du dette, da? Viss ikke må du bare gå.

Tanta vart verande, og fødselen enda godt, men historia viser kor omtenksam dokter Haugen var.

Forrige
Forrige

Krupp

Neste
Neste

Rask legehjelp