Rask legehjelp


Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.


Vi har høyrt fleire historiar om kor rask og effektiv dokter Haugen var. Dette fekk han verkeleg bevis for, ølvesbuen som møtte opp til dokterdag i Holo òg.

Då han kom inn på venterommet, var det tett med folk, og han talte til 16 som var føre han i køen. Han tenkte først at han fekk gå heim og det fekk berre vere med heile legebesøket. Men så kom han på at han hadde høyrt at det gjekk så fort unna med Haugen. Derfor bestemte han seg for å venta.

Etter 20 minuttar var han inne hos legen!

Neste
Neste

Uhell under skogsarbeid