Forferdeleg tannverk!


Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.


Ein eldre kar frå Ølve hadde slite med forferdeleg tannverk i ei av dei få tennene han hadde att. Derfor hadde han bestemt seg for å gå til Haugen for å få ho trekt neste kontordag. Nett den dagen var tannverken vekke, og dermed gløymte karen heile legebesøket.

Seint, men tidsnok, kom han på det, og han nådde Haugen akkurat då han pakka saman etter siste pasient. Dokteren tok seg likevel tid, og karen forklarte det vonde problemet.

– Gap opp, sa Haugen. Han såg med ein gong kva tann det var og tok tommelen og pressa hardt til så det knasa.

– Jeg har løst den, og nu klarer du resten selv, sa han, og så fòr han. Det var ikkje snakk om betaling!

Forrige
Forrige

Tilkalla legen per brev

Neste
Neste

Skremt i vegkanten