Tilkalla legen per brev


Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.


Hans Storedale har ei forteljing som verkeleg illustrerer den store omveltninga som har vore når det gjeld tekniske hjelpemiddel dei siste 50–60-åra. Han fortel at far hans var mykje plaga av sjukdom, og før han døydde berre 59 år gammal, hadde han lege sjuk og blitt pleidd heime i Storedale i seks år.

Med jamne mellomrom hadde faren behov for legetilsyn, og då var det ikkje gjort i ein fei å tilkalla legen. Dette var jo ikkje berre lenge før internett og mobiltelefon. Det var også eit stykke mellom gardane som hadde fasttelefon. 

På den tida hadde Haugen dokterdag i Holo i Ølve kvar 14. dag. Når far til Hans trong legehjelp, fekk han kona til å skriva brev til Haugen. Hans, som nett var blitt tenåring, sykla med brevet frå Storedale til dokterkontoret og la det på eit bord. Der fann Haugen det når han kom på kontordag.

Etter kontortid kom så Haugen på heimebesøk, og når han først var i Storedale, var han også innom naboar som han visste var sengeliggjande og vart pleia heime.

Forrige
Forrige

Fjerna feittklump

Neste
Neste

Forferdeleg tannverk!