Med aksla or ledd
Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.

Ein mann i ei bygd, ein bonde, fekk under arbeid aksla or ledd ein gong på 50-talet. Sikkert ei litt dramatisk og vond oppleving.
Det vart sendt bod på dokteren. Då han kom, bad Haugen mannen leggja seg ned på golvet. Så sette han ein fot på brystkassen til pasienten. Med eit profesjonelt grep i handa til mannen small aksla på plass. Så hasta dokteren vidare.