Alle måtte ta i
Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.

På 60-talet var det eit vegarbeid i Kvinnherad som bar namnet Veganlegget Herøysund – indre Fet. Små vegstubbar vart utvida og forbetra. Vegingeniør Finn Nitter var ofte i bygdene i denne tida. Det var lokal forretningsførar, og kjærkome arbeid for mange.
Ein gong, på ein slik vegstubb, måtte ein liten sommarflor flyttast. Ny grunnmur var støypt, og floren skulle skuvast på nokre jernskjener. Med handamakt. Fleire ekstra mannfolk var hyrt inn. Vegen forbi var no stengt for biltrafikk.
Dokter Haugen kom køyrande og kom ut av bilen og stod og såg på hendinga. Arbeidsleiaren ropte når alle skulle ta i med all makt, men floren flytta seg ikkje ein centimeter.
Då kom det frå Haugen: «En gang til, Hansen må også ta i!» (Hansen er eit fiktivt namn, men Haugen kjende nok godt til personen.)