– Det var jo også en løsning


Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.


lukas-robertson-9KDuSi7dJv4-unsplash.jpg

Dette skjedde ein gong på 60-talet. Ei eldre kvinne var alvorleg sjuk. Neste morgon skulle ho køyrast til sjukehus av ein nabo, og om kvelden vart ho lagt i sjukekorg i samråd med dokter Haugen. Samaritten i kommunen, Margot Eikeland (seinare Haugland), ordna det meste. Ho vakte òg over den sjuke om natta. Vi må tenkja på at på den tida var der ingen mobiltelefon, og heller ikkje telefon i kvart hus. 

Kvinna døydde om natta. Ein annan hustandsmedlem vart orientert om hendinga og samaritten varsla så naboen. Turen til sjukehuset vart det ikkje noko av.

Då naboen skulle stella dyra tidleg om morgonen, såg han billjos ved huset der den no døde kvinna låg. Naboen rekna med at det var Haugen som kom. Han skunda seg no mot bilen for å fortelja dokteren om det som var hendt. Men då naboen kom bort til bilen, hadde dokteren allereie vore inne i huset, og konstatert at kvinna var død. På veg inn i bilen sin hadde han denne kommentaren: «Dette var jo også en løsning.» 

Så starta han bilen og køyrde.

Forrige
Forrige

Alle måtte ta i

Neste
Neste

Rottegift og dramatikk