Rottegift og dramatikk
Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.

Som småbarnsmor opplevde Frøydis Sjo Fjellhaugen ei dramatisk hending, der det kom svært godt med å få hjelp av dokter Haugen. Her følgjer Frøydis si forteljing frå hendinga på slutten av 60-talet:
– Me la ut rottegift i gamlehuset på Fjellhaugen kvar haust i «gamle dagar». Midt i mai det påfølgjande året, var me oppe og fjerna det. Denne gongen var ei av jentene våre med, ho var fem år.
Jentungen gjekk opp på lemen mens me heldt på med eit kvart nede. Etter ei lita stund gjekk eg opp, og der stod tøtto og åt rottegift! Havregryn med noko blått i (kanskje arsenikk?).
Eg spurde om ho hadde ete, sjølv om eg såg korleis ho såg ut rundt munnen. Ho let om at blå havregryn var veldig godt, men no var det ikkje meir igjen.
Ut med ungen. Eg prøvde å få henne til å kasta opp, men nei, det gjekk ikkje. Mobiltelefon var eit ukjent fenomen, og me måtte heim først.
Så bar det til Rosendal og Haugen, som skulle føreta ei mageskylling eller noko sånt. Eg fekk beskjed om å «holde barnet godt», medan dokteren henta fram ein forunderleg gjenstand. Mellom anna var det ein raud, morken/sprukken slange på, og ei gummiblære som visstnok skulle pumpast med. Me rakk ikkje blunka før den harde litt tjukke slangen var i barnemagen. Men pumpegreiene virka ikkje.
Men Haugen var sjeldan rådlaus, veit vi. Han var å henta ei trakt og ei mugge på kjøkenet sitt, og noko vatn kom sikkert ned. Ungen spydde i alle fall, men kor slangen var då, kan eg ikkje gje noko vitug svar på.
Jenta var sikker like sjokka som mor si. Ho fekk skryt og medisin, og mammo vart beroliga med at «Du må ringe om det inntreffer blødninger!»
Det gjekk bra!