Dei gamle er eldst


Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.


aron-visuals-BXOXnQ26B7o-unsplash.jpg

Då Frøydis Sjo Fjellhaugen las boka om dokter Haugen, såg ho at han var fem år eldre enn svigerfar hennar. Ho hugsar ein gong då svigerfaren var sjuk, og dokteren kom på sjukebesøk.

Etter at han var ferdig med undersøkinga, kom dokteren ut og dei spurde korleis det gjekk.

– Bra, skulle jeg tro, men han er jo en gammel mann.

Forrige
Forrige

Rottegift og dramatikk

Neste
Neste

– Eg daua!