– Eg daua!


Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.


mathew-macquarrie-u6OnpbMuZAs-unsplash.jpg

Frøydis Sjo Fjellhaugen har ei historie som ho vart fortalt av ein ven frå Omvikdalen. Som gutunge hadde han hatt nærkontakt med ei bølgjeblekksplate. Korleis samanstøyten bar til, kan ho ikkje seie for visst, men guten måtte til Haugen og syast. Det var eit langt kutt.

Guten prøvde i lengste laget å vera tøff og teia stilt, men etter ei stund greidde han det ikkje lengre.

– Eg daua, eg daua!

– Å, nei, gutten min. Du dør ikke så lett.

Forrige
Forrige

Dei gamle er eldst

Neste
Neste

– Besvimer du?