– Besvimer du?
Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.
Frøydis Sjo Fjellhaugen fortel om ein gong ho måtte frekventera legekontoret på ein laurdagskveld. Ho opna kjøleskapdøra i heimen, og ei stor Cola-flaske datt ut. Det var glasflaske den gongen og ho eksploderte med eit kraftig smell. Ein glasbite trefte ho framme på leggen og laga eit kraftig kutt. Den nedre delen av kuttet «seig» ned, medan øvre del drog seg opp, så det såg ut som om eit stykke var vekke. Det måtte syast!
Utsending vart sendt avgarde til talestasjonen, og Haugen gav beskjed om at ho måtte koma til Rosendal. Som mange nok hugsar, hadde dokteren ein divan på venstre sida av døra når ein kom inn på kontoret. Frøydis tenkte at der skulle ho sikkert liggja medan han sydde.
Men, nei då, eg fekk ikkje sitja der ein gong. Me sat mot kvarandre på kvar vår pinnastol, og eg hadde syobjektet i fanget til doktoren.
Bedøvelse? Å, nei du, ikkje der i garden! Vondt var det, og eg greidde ikkje å lata vera å sjå på syferdighetene. Når den boga nåla gjekk inn var det vondt, men når ho gjekk ut drog ho liksom skinnet med seg. Etter nokre sting, såg han på meg og sa: «Besvimer du?»
Eg drog litt på det, men svarte «nei», og tørka kaldsveitten av panna.
«Bra», sa Haugen, «det hadde jo vert greiest å fått sydd ferdig før du besvimer».