Vaksine i full fart!


Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.


Froydis4.jpg

Frøydis Sjo Fjellhaugen fortel at eit av hennar første møte med Haugen var på kontoret hans i Rosendal, då nokre Matre-mødre skulle få vaksine i sine håpefulle.

Eit tilfelle av kikhoste hadde fått fart på dei i vaksinesamanhang. Frøydis hadde med sine to tre-åringar pluss minsten på eit halvt år. Ho fortel slik om dette møtet med Haugen:

– Me sat som tende ljos på venterommet både store og små, då dokteren kom ut og sa: 

– Komme inn!

Og vel inne gjekk det raskt. Treåringane grein, medan den minste ikkje rakk å forstå at noko stakk.

Eg ville ha ei tørr bleie på barnet, men nei då, sånt var ikkje til å hefta tida på, ikkje bleia i heile tatt, så eg vart roleg, men bestemt ført mot døra. Ein liten baby med naken rumpe, ei tissebleie, ei tørr bleie og resten av kleda til minsten, veska og to grinande treåringar. Effektivt, men bestemt!

Forrige
Forrige

– Besvimer du?

Neste
Neste

Dokter Haugen fekk behandling