Dokter Haugen fekk behandling


Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.


Anne-Marie hugsar enno godt då dokter Haugen køyrde utfor vegen og skada seg i ansiktet. (Foto: Tove Handeland Remme).

Anne-Marie hugsar enno godt då dokter Haugen køyrde utfor vegen og skada seg i ansiktet. (Foto: Tove Handeland Remme).

Anne-Marie Alsterberg Handeland voks opp på kaien i Valo, der mor hennar dreiv butikk. Faren var utdanna sjukepleiar og hadde blant anna vore med på dr. Udland sin ekspedisjon etter krigen i Etiopia. Han kom heim derifrå i 1936, og sjukepleiarerfaringa si fekk han bruk for i ei hending på slutten av 1940-talet. Den hugsar Anne-Marie godt:

Dokter Haugen kom køyrande på motorsykkel frå Rosendal. På Korsvegen, den som i dag har namnet Ekelyvegen, køyrde han utfor og skada seg i ansiktet i ein stygg velt. Kona hans var om bord i rutebåten, som låg nede ved kaien, ho skulle til Skånevik i bryllaup. Haugen kom ned til far til Anne-Marie, og då han fekk sjå skaden, ville han straks henta ein lege som budde rett ovanfor. Det tykte Haugen var heilt unødvendig.

– De har vel nål og tråd?

Dei gjekk om bord i båten, og Anne-Marie vart send heim for å henta førstehjelpskrinet til faren, og han sydde såret. Straks han var ferdig, sette Haugen seg på motorsykkelen med følgjande beskjed:

– De kan jo ringe viss det passer for å høre hvordan det står til med pasienten.

Deretter køyrde han tilbake til Rosendal. Anne-Marie hugsar ikkje om den opphavelege planen var at Haugen òg skulle vera med i bryllaupet i Skånevik. Kanskje hadde han ikkje anledning til å koma frå den travle legegjerninga?

Forrige
Forrige

Vaksine i full fart!

Neste
Neste

Tommel som ei kjøttkake!