Tommel som ei kjøttkake!


Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.


muhamad-reza-junianto-RTb3DoDa6O4-unsplash.jpg

I 1957 heldt far til Gunnar Mehl på og bygde nytt hus. Medan han støypte grunnmuren, var gutungen på plass, og som 8-åringar flest, var han interessert i arbeidet som føregjekk. Til å blanda betongen vart det brukt ein manuell blandemaskin, og Gunnar klarte å få tommelen inni den «kloa» som dei stilte vinkelen på trommelen med. Resultatet vart at tommeltotten såg ut som ei kjøttkake.

Guten vart transportert til Haugen så fort som det let seg gjera, og dokteren sette i gang operasjonen med det same dei kom til kontoret. Han nappa først vekk dei siste bitane av den traspa nagla. Deretter sydde han fingen, og så fekk han ein bandasje rundt.

Med tida vart tommelfingen heilt fin.

– Det var eit meisterstykke av eit arbeid, det viser ingenting! Ja, tommelen vart så fin at i helga måtte eg visa han fram til folk som var på besøk fordi det vart snakk om Haugen og boka om han. Eg har no endeleg sydd hos andre legar seinare, og der har eg merke framleis, avsluttar Gunnar Mehl, som no er busett på Stord. Han legg ikkje skjul på at han har stor respekt for Haugen og den enorme innsatsen han la ned for folket i Kvinnherad.

Forrige
Forrige

Dokter Haugen fekk behandling

Neste
Neste

Jul på kanten til framtida